Det tekstilfaglege i endring 1994-2017 - ved Institutt for estetiske fag, HiO/HiOA
Peer reviewed, Journal article
Published version
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2979730Utgivelsesdato
2021-10-19Metadata
Vis full innførselSamlinger
Originalversjon
FormAkademisk - Forskningstidsskriftet for design og designdidaktikk. 2021, 14 (1), . https://doi.org/10.7577/formakademisk.3597Sammendrag
Artikkelen presenterer endringar i tekstilopplæringa ved Faglærarutdanning i design, kunst og handverk ved Høgskolen i Oslo (HiO), seinare Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA), og som i dag er kalla Institutt for estetiske fag (EST) ved OsloMet – storbyuniversitetet i perioden 1994 til 2017. Opplæringa var tidlegare knytt til solide fagstudium innan broderi, vev, biletvev og saum. Desse spesialstudia forsvann på 1990–2000-talet, og eit nytt innhald i Faglærarutdanninga og eit nytt studium i Mote og produksjon blei etablert. Dei to utdanningane har ulike samfunnsoppdrag og danningsomgrepet har endra seg. Studentane i begge studium utviklar ein breiare kompetanse innan fagfeltet. Handverk, ferdigheit og skriftleg refleksjon er sentrale kjenneteikn på utdanningane, men undervisingspraksis og bransjeerfaring er blitt ein viktigare del i lærings- og danningsprosessen. Det er læring inne på campus og læring ute i samfunnet. Samfunnsoppdraget til utdanningane har dermed påverka innhald og organisering.