Lærarar si forståing og utøving av vurdering. Ein kvalitativ studie om vurdering på ungdomsskulen.
Master thesis
Published version
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/10642/9170Utgivelsesdato
2020Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Føremålet med denne studien er å undersøke korleis lærarar forstår vurdering i kroppsøving og korleis dei utøver vurdering i si undervising. Prosjektet har problemstillinga: Korleis forstår og utøver lærarar vurdering av kroppsøvingsfaglege kompetansar til elevar i løpet av ungdomsskulen?. I tillegg skal forskingsspørsmål som dreiar seg om kva som kjenneteiknar ein god elev, vere til hjelp for å svare på problemstillinga. Denne masteroppgåva vert fullført våren 2020 medan Læreplanverket for Kunnskapsløftet fortsatt er gjeldande.
For å svare på problemstillinga er det gjennomført fem kvalitative intervju med lærarar på tre ulike ungdomsskular. Det er fire menn og ei kvinne som har delteke i intervjua. Alle lærarane har formell kompetanse i kroppsøvingsfaget på minimum 60 studiepoeng og underviser i kroppsøving på ungdomsskular. I oppgåva er det nytta Pierre Bourdieu sine omgrep habitus og felt som teoretisk fortolkingsramme. I tillegg er det nytta lovverk og læreplan som er relevant for vurdering i kroppsøvingsfaget som teoretisk grunnlag i oppgåva.
Studien viser at dei fleste lærarane brukar bestemte kriterier for å vurdere elevane. Ein av lærarane nyttar ikkje kriterium og har heller ikkje gjort opp ei klar meining om kva elevane skal lære. Kriteria som vert nytta er knytt til innsats, fair play og ferdigheiter. Innanfor fair play, kjem haldningar fram som noko svært viktig. Haldningar og innsats er det som ifylgje lærarane veg tyngst ved vurdering. Desse kriteria vert også nytta for å skildre kva som kjenneteiknar ein god elev i kroppsøvingsfaget. Den gode eleven i kroppsøvingsfaget vert assosiert med ein elev som har gode ferdigheiter og som klarer å nytte desse ferdigheitene til å gjere andre gode. I tillegg har den gode eleven gode haldningar, står på og er ein positiv bidragsyter inn i faget. Skildringa av den gode eleven kan likne på det som kjenneteiknar ein god lagspelar innanfor idretten. Dermed kjem idrettshabitusen til lærarane til syne. Dei lærarane som arbeider ved skular som har utarbeida lokale planar for faget, er dei lærarane som også har klarast føre seg kva elevane skal vurderast etter. Desse lokale planane påverkar også korleis halvårsvurderinga vert gjennomført. Halvårsvurderinga er ei form for formell vurdering som vert gitt ved enden av kvart semester. Dei lærarane som arbeider ved skular som har lokale planar, ser ut til å gjennomføre halvårsvurderinga, slik lovverket tilseier at det skal gjerast. Den læraren som arbeider ved den skulen som ikkje har slike planar, gjennomfører halvårsvurdering som strider mot lovverket. Dette inneberer at elevane ikkje får tilbakemeldingar om kva som skal til for å bli betre i faget. The goal of this thesis is to study how teachers understand assesment in physical education, and
how they use assessment in their teaching. This thesis is focusing on the issue: How do teachers
understand and implement grading in PE for the pupils in secondary school. In addition,
research questions regarding the characterization of a good pupil will be of help to answer the
issue. This thesis is finished during spring 2020, while the 2006 school reform, is still active.
To answer the issue, five qualitative interviews of teachers from three different secondary
schools, have been made. Four men and one woman have participated in these interviews. All
teachers do have the required competence needed for teaching physical education, of at least
60 credits, and teach physical education at secondary schools. In the theses, Pierre Bourdieu’s
concepts habitus and felt have been used as theoretical interpretation framework. In addition,
legislations and curriculum relevant for physical education is used as a theoretical basis in the
thesis.
The study shows most teachers to use specific criteria to grade the pupils. One of the teachers
does not use criteria, and does not have an opinion regarding what the pupils are supposed to
learn. Criterias that are used are related to effort, fair play and skills. Regarding fair play,
attitudes are important. Attitude and effort are what is most important during grading
according to the teachers. These criteria is also used to describe the characterization of a good
pupil in physical education. The good pupil is associated to a pupil that have good skills, and
are able to use these skills to help others improve. In addition, the good student have good
attitude, keeps on pushing and contributes to the course. The picture posed of a good pupil is
associated with the characterization of a good team player within team sports. Here, the sports
habitus of the teachers are shown. The teachers from schools that have developed local plans
for the subject are the teachers that has the clearest view of what the pupils are to be graded
by. These local plans are also affecting how the assessment is carried out. The assessment is a
formal grading that is given at the end of each semester. Those teachers working at schools
with local plans seems to do the assessment as the legislation implies. The teacher working at
a school without local plans does the assessment that contradicts the legislation. This means
the students does not get feedback regarding what is needed to improve in the course.
Beskrivelse
Master i skolerettet utdanningsvitenskap