Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorLøndal, Knut
dc.contributor.advisorLund, Siv
dc.contributor.authorHarboe, Tone
dc.date.accessioned2018-11-27T14:40:46Z
dc.date.available2018-11-27T14:40:46Z
dc.date.issued2018
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/10642/6398
dc.descriptionMaster i skolerettet utdanningsvitenskapen
dc.description.abstractDenne undersøkinga rettar seg mot føremålet om livslang rørsleglede i kroppsøvingsfaget. Det er elevar sine erfaringar med rørsleglede i kroppsøvingsfaget eg har vore interessert i å undersøke, og problemstillinga for oppgåva lyder som følgjer: Kva erfaring har elevar, som er på siste året i den trettenårige grunnutdanninga, hatt med rørsleglede i kroppsøvingsfaget? Resultata frå analysen er presentert i eitt kapittel, der det har vakse fram fem hovudkategoriar knytt til deira erfaringar med rørsleglede: Få til; Innhald og lærdom; Positive kjensler; Å vere saman; Bli sett; Kroppsøvingslæraren. Studiet er av kvalitativ art. Det har vorte gjennomført kvalitative forskingsintervju med totalt åtte elevar. Dei går alle siste året på ein vidaregåande skule på studiespesialiserande studieretning. Den kjønnsmessige fordelinga i utvalet er fire gutar og fire jenter, og ingen av informantane har same heimstad. Sjølvbestemmingsteorien, flow theory, litteratur om rørsleglede og kroppsøvingsfaget har danna ei teoretisk ramme for studien. Denne teorien vert nytta for å prøve å gje ei forklaring på korleis rørsleglede vert erfart av elevane i kroppsøvingsfaget, noko som vert presentert i resultat og diskusjonskapittelet i slutten av oppgåva. Resultata frå studien viser at elevane har relativt like oppfatningar av rørsleglede, men svært ulike erfaringar med rørsleglede i kroppsøvingsfaget. Elevane uttrykker delte haldningar til faget, der somme av dei opplever rørsleglede i og utanfor faget, medan andre finn det vanskeleg. Dei fem presenterte kategoriane er faktorar som påverkar elevane si rørsleglede. I korte trekk: For at elevane skal oppleve rørsleglede i faget er det viktig at dei opplever meistring i den utvalde aktiviteten. Dei ynskjer meir medbestemming og variasjon i undervisninga, noko som kan vere med på å gje dei meir av dei positive kjenslene av å vere i aktivitet. Informantane set fellesskapet høgt i kroppsøvingsfaget og dei synest det er kjekkare å vere i aktivitet saman med andre enn åleine. For at alle desse ynskja skal verte innfridde, er det til slutt naudsynt med ein kroppsøvingslærar som ser kvar einskild elev og gruppa som heilheit.en
dc.language.isonnen
dc.publisherOsloMet - Storbyuniversiteteten
dc.subjectRørslegledeen
dc.subjectKroppsøvingen
dc.subjectMeistringen
dc.subjectMotivasjonen
dc.subjectInnhalden
dc.subjectSjølvbestemmingsteoriaren
dc.subjectVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Pedagogiske fag: 280::Fagdidaktikk: 283en
dc.titleRørsleglede i kroppsøvingsfaget - Ein kvalitativ studie av elevar sine erfaringar med rørsleglede i kroppsøvingsfaget.en
dc.typeMaster thesisen
dc.description.versionpublishedVersionen


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel