Rørsleglede i kroppsøvingsfaget - Ein kvalitativ studie av elevar sine erfaringar med rørsleglede i kroppsøvingsfaget.
Abstract
Denne undersøkinga rettar seg mot føremålet om livslang rørsleglede i kroppsøvingsfaget. Det er
elevar sine erfaringar med rørsleglede i kroppsøvingsfaget eg har vore interessert i å undersøke, og
problemstillinga for oppgåva lyder som følgjer: Kva erfaring har elevar, som er på siste året i den
trettenårige grunnutdanninga, hatt med rørsleglede i kroppsøvingsfaget? Resultata frå analysen er
presentert i eitt kapittel, der det har vakse fram fem hovudkategoriar knytt til deira erfaringar med
rørsleglede: Få til; Innhald og lærdom; Positive kjensler; Å vere saman; Bli sett;
Kroppsøvingslæraren.
Studiet er av kvalitativ art. Det har vorte gjennomført kvalitative forskingsintervju med totalt åtte
elevar. Dei går alle siste året på ein vidaregåande skule på studiespesialiserande studieretning. Den
kjønnsmessige fordelinga i utvalet er fire gutar og fire jenter, og ingen av informantane har same
heimstad.
Sjølvbestemmingsteorien, flow theory, litteratur om rørsleglede og kroppsøvingsfaget har danna ei
teoretisk ramme for studien. Denne teorien vert nytta for å prøve å gje ei forklaring på korleis
rørsleglede vert erfart av elevane i kroppsøvingsfaget, noko som vert presentert i resultat og
diskusjonskapittelet i slutten av oppgåva. Resultata frå studien viser at elevane har relativt like
oppfatningar av rørsleglede, men svært ulike erfaringar med rørsleglede i kroppsøvingsfaget.
Elevane uttrykker delte haldningar til faget, der somme av dei opplever rørsleglede i og utanfor
faget, medan andre finn det vanskeleg. Dei fem presenterte kategoriane er faktorar som påverkar
elevane si rørsleglede. I korte trekk: For at elevane skal oppleve rørsleglede i faget er det viktig at
dei opplever meistring i den utvalde aktiviteten. Dei ynskjer meir medbestemming og variasjon i
undervisninga, noko som kan vere med på å gje dei meir av dei positive kjenslene av å vere i
aktivitet. Informantane set fellesskapet høgt i kroppsøvingsfaget og dei synest det er kjekkare å vere
i aktivitet saman med andre enn åleine. For at alle desse ynskja skal verte innfridde, er det til slutt
naudsynt med ein kroppsøvingslærar som ser kvar einskild elev og gruppa som heilheit.
Description
Master i skolerettet utdanningsvitenskap