Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorLøndal, Knut
dc.contributor.authorThue, Petter
dc.date.accessioned2023-09-12T12:18:50Z
dc.date.available2023-09-12T12:18:50Z
dc.date.issued2023
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3088885
dc.description.abstractDette er ei masteroppgåve innan skuleretta utdanningsvitskap med fordjuping i kroppsøvingsdidaktikk, skrive ved OsloMet - storbyuniversitetet. Formålet med dette prosjektet har vore å studere kroppsøvingslærarar sine erfaringar med vurdering i kroppsøving i den vidaregåande opplæringa. Fagfornyinga har gjort sitt inntog i utdanningssystemet dei siste åra, og Læreplanverket for kunnskapsløftet 2020 (LK20) vart frå hausten 2022 gjeldande for alle trinna i den vidaregåande skulen (Utdanningsdirektoratet, 2020b). Dette bidreg til å gjere nyare forsking på vurdering i kroppsøving, til eit interessant og spennande felt å bevege seg inn i. Med bakgrunn i tematikken er følgjande problemstilling utarbeida: «Kva erfaring har kroppsøvingslærarar i vidaregåande skule med vurdering i kroppsøving?». Studien byggjer på kvalitativ metode, der det har vore gjennomført semistrukturerte intervju med 5 kroppsøvingslærarar ved ulike vidaregåande skular i Oslo. Utvalet består av tre menn og to damer. Respondentane har ulike bakgrunnar og erfaring frå yrket. Det er også eit vesentleg spenn i alder mellom av deltakarane. Studien byggjer på eit sosiokulturellt teoretisk rammeverk av Pierre Bourdieu, for å sjå til underliggjande strukturar for kroppsøvingsfaget som felt, og kunne forstå menneskeleg handling og erfaring (Bourdieu, 2002). Funn frå studien viser at lærarane har erfaringar med vurdering i kroppsøving, og at desse i stor grad er oppdaterte med nyare revideringar i planverket for kroppsøvingsfaget. Dette gjeld både kjennskap til føringar og planverk, men også korleis dei uttrykkjer eigne erfaringar med vurdering i faget. Samstundes viser funn at det er utfordringar knytt til å konkretisere kva som utgjer ein god vurderingspraksis i faget. Dette handlar om korleis ein skal gjere gode og konkrete vurderingar omkring aspekt som er vektlagt i dei nye kompetansemåla for faget. Eleven sine kompetansar synest å vere vanskelege å gripe tak i, og det kjem tydeleg fram skilnader i korleis respondentane tolkar og vektlegg kompetansar som innsats, øving, utvikling, samarbeid, kunnskap og ferdigheiter i relasjon til dette. Funna viser også at vurderingspraksis kan vere utfordrande å endre på, og at dette er noko som tek tid.en_US
dc.description.abstractThis master´s thesis focusses on Educational Sciences for Basic Education with specialization in Physical Education and Physical Education Didactics, written at Oslo Metropolitan University. The purpose of this project is to study upper secondary Physical Education (PE) theachers' experiences with assessment in PE. The new national curriculum has made its appearance in the educational system over the last few years, and the Knowledge Promotion Reform 2020 (LK20) was valid for all levels in upper secondary school from the fall 2022 (Utdanningsdirektoratet, 2020b). This contributes to making new research on assessment in physical education a more interesting and exciting area to explore. Based on the topic, the following research question is developed: “What experiences do upper secondary teachers have with assessment in Physical Education?”. The study utilizes a qualitative method, where semi-structured interviews have been conducted with five physical education teachers from various upper secondary schools in Oslo. The respondents consist of three men and two women. They all have different backgrounds and experiences in their profession. In addition, there is a significant difference in age amongst the respondents. The study is based on Pierre Bourdieu´s sociocultural theoretical framework, to examine the underlying structures for the physical education subject as a field, and to enhance our understanding of human action and experience (Bourdieu, 2002). The findings from the study suggest that the teachers have experience with assessment in physical education that seem to be more up to date with recent revisions in the curriculum framework for physical education. This includes both knowledge of guidelines and curriculum frameworks, as well as how they express their own experiences with assessment in the subject. Furthermore, the findings show that there are challenges associated with specifying what constitutes good assessment practice in physical education. This includes how to make fine and specific assessments regarding aspects that are attached to the new competence aims in the subject. The competence of the pupils can be hard to grasp, and it appears that there are differences in how the respondents interpret and emphasizes competencies such as effort, practice, development, teamwork, knowledge, and skills in relation to this. Furthermore, the results indicate that implementing changes in assessment practices may appear challenging, and is something that requires time.en_US
dc.language.isonoben_US
dc.publisherOslomet - storbyuniversiteteten_US
dc.title«Vurdering i kroppsøving, uklart eller vanskeleg?» Ein kvalitativ studie om kroppsøvingslærarar sine erfaringar med vurdering i kroppsøving i vidaregåande skuleen_US
dc.title.alternative«Assessment in Physical Education, unclear or difficult?» A qualitative study of upper secondary Physical Education (PE) theachers' experiences with assessment in PEen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.versionpublishedVersionen_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel