Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorStandal, Øyvind Førland
dc.contributor.authorNess, Ola Furnes
dc.coverage.spatialNorgeen_US
dc.date.accessioned2021-06-11T13:38:59Z
dc.date.available2021-06-11T13:38:59Z
dc.date.issued2020
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2759023
dc.description.abstractDet overordna temaet for denne masteroppgåva er fotball i kroppsøving. Fotball og andre ballspel og idrettsaktivitetar har lange tradisjonar som ein sentral del av det elevar møter i kroppsøvingsundervisning. I seinare tid har dette blitt kritisert, og det har mellom anna blitt peika på at kroppsøving i stor grad handlar om å lære idrettslege ferdigheiter. Denne studiens føremål har vore å gjere ein didaktisk analyse av korleis fotball vert undervist i kroppsøving i ungdomsskulen, samt korleis lærarar argumenterer for undervisningspraksisen sin. På bakgrunn av dette har det også blitt undersøkt om, og eventuelt på kva slags måtar, fotball slik det vert undervist i kroppsøving har eit danningspotensial. Studien søker etter lærarar sine subjektive meiningar og erfaringar. Desse kjem til uttrykk gjennom fem semistrukturerte intervju av lærarar som underviser i ungdomsskulen. Intervjua vart gjennomført ein til ein, og utvalet består av både mannlege og kvinnelege lærarar som har undervist i kroppsøving mellom fire og femten år. Resultata har blitt tolka og diskutert opp mot tidlegare forsking på feltet, samt det teoretiske rammeverket for studien, som består av generell teori om didaktikk, den didaktiske trekanten og danningsteori i lys av Wolfgang Klafki. Funna tilseier at fotball i hovudsak vert brukt som aktivitet i kroppsøving ved at elevane skal øve på, og vise progresjon i utføring av, grunnleggande fotballtekniske ferdigheiter. Deretter møter dei ulike formar for spel, der dei skal vise at dei kan bruke dei ulike fotballtekniske ferdigheitene dei har øvd på. Lærarane grunngir eigen undervisningspraksis med at fotball er ein populær aktivitet som får fram eit høgt aktivitetsnivå. I tillegg vert kvalitetar som samspel, haldningar og fair play trekt fram. Det blir likevel stilt spørsmål til om det er ein tydeleg raud tråd mellom lærarane sin undervisningspraksis og læreplanen. Funna syner også at lærarane grunngir eigen undervisningspraksis i retning av både materiale og formale danningsteoriar, men det vert også her peika på det som verkar å vere ein ufullstendig samanheng i lærarane sine grunngjevingar og Klafki sitt danningsteoretiske perspektiv. Dette vil kunne vere problematisk med tanke på om måten fotball vert brukt i kroppsøvingsundervisning bidreg til det Klafki kallar kategorial danning.en_US
dc.description.abstractThe theme of this masters project is football in physical education (PE). Football and other ball games and sports have a long tradition of playing a central role in what pupils encounter in PE today. In recent years, this has been met with criticism, and it has been argued that learning sports techniques plays a big part in PE teaching. This study has aimed to do a didactical analysis of how football is taught in PE in secondary schools in Norway, and how teachers justify their teaching practice. As a consequence of this, the researcher also examined how football, as taught in PE, has a potential for Bildung. This study examines teacher’s subjective opinions and experiences. These are expressed through five semi-structured interviews with teachers in secondary school. The interviews were conducted individually, and the sample consists of both male and female teachers who have taught in PE between four to fifteen years. The results have been analysed and discussed using previous research in the field, as well as the theoretical framework for the study, which consists of the general theory of didactics, the ‘didactic triangle’ and Wolfgang Klafki’s Bildung theory. The findings indicate that football mainly is used as an activity in PE in that the pupils shall practice, and show progression in the performance of, basic football technical skills. The pupils are then presented with different forms of play, where they will have to show that they can use the different football technical skills they have practiced/learnt. The teachers justify their teaching practice by arguing that the popularity of football produces a high level of activity and engagement. Qualities such as interaction, attitudes and fair play are also highlighted. The researcher also examines whether there is a clear common thread between the teachers’ teaching practice and the curriculum. The findings also show that the teachers base their teaching practice on directions of both material and formal Bildung, and what seems to be an incomplete connection in the teachers’ arguments and Klafki’s Bildung-theoretical perspective. This could be problematic in terms of whether the way football is taught in PE contributes to what is called categorial Bildung.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherOsloMet - Storbyuniversiteteten_US
dc.subjectFotballen_US
dc.subjectKroppsøvingen_US
dc.subjectDidaktikken_US
dc.subjectDidaktiske analyseren_US
dc.subjectKategorial danningen_US
dc.subjectKategoriale danningsteorieren_US
dc.subjectFootballen_US
dc.subjectKlafki, Wolfgangen_US
dc.subjectDidacticsen_US
dc.subjectDidactical analysesen_US
dc.subjectCategorial Bildungen_US
dc.titleFotball i kroppsøving. Ein kvalitativ studie av korleis lærarar brukar, og grunngir bruken av, fotball som aktivitet i kroppsøvingsundervisning i ungdomsskulenen_US
dc.title.alternativeFootball in physical education. A qualitative study of how teachers use, and argues for, football as an activity in physical education in secondary schoolen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.versionpublishedVersionen_US
dc.source.pagenumber93en_US
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Pedagogiske fag: 280::Fagdidaktikk: 283en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel