Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorElvebakk, Lisbeth
dc.contributor.advisorJøsok, Evy
dc.contributor.authorFlatmoen, Martin
dc.date.accessioned2020-10-27T15:26:59Z
dc.date.available2020-10-27T15:26:59Z
dc.date.issued2020
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/10642/9127
dc.descriptionMaster i skolerettet utdanningsvitenskapen
dc.description.abstractDenne oppgåva omhandlar oppøving av kritisk tenking i arbeid med skjønnlitteratur i norskfaget, og undersøker konkret kva potensial lesing av og samtale om skjønnlitteratur har for å utvikle evna til kritisk tenking hjå elevane. Kritisk tenking er eit omgrep som har vore, er og vil vere sentralt i den norske skulen. Med ny læreplan rett rundt hjørnet, der kritisk tenking eksplisitt har fått ein tydelegare plass, har behovet for meir kunnskap knytt til korleis ein kan stimulere og legge til rette for kritisk i klasserommet auka. Den tidlegare forskinga er delt når det kjem til om kritisk tenking blir rekna som ein faguavhengig, generell og teknisk ferdigheit, eller om den er fagspesifikk og dermed må bli forstått og arbeidd med ulikt ut frå kvart enkelt fag sitt faglege innhald. Som det kjem fram av det kvalitative datamaterialet denne oppgåva byggjer på, bør arbeidet med kritisk tenking i eit norskfagleg perspektiv vere fokusert rundt og forankra i tekst. Studien underbyggjer i så måte ei fagspesifikk forståing av omgrepet. Empirien viser korleis (kritisk) lesing av skjønnlitteratur i denne studien trener elevane i å sjå ei sak frå fleire sider, gjev dei ei meir kompleks forståing av maktomgrepet og korleis makt kan fortene seg på ulike måtar i samfunn, tekst og språk, og øver dei i ei kontekstuell og litterær tenking. Den erfaringsbaserte inngangen til litteraturen gjer elevane til subjektive aktørar som kan tre inn i teksten og dvele ved sentrale problemstillingar og dilemma som teksten reiser, og på den måten trene si kritiske tenking. Studien viser vidare at den erfaringsbaserte tilnærminga må kombinerast med ei meir analytisk tilnærming, der fokuset ligg på å ta i bruk faglege omgrep og tenkjemåtar i fortolkinga av tekst. Begge desse litterære tilnærmingane vil fungere som viktige faktorar i det norskfaglege arbeidet med å utvikle det kritiske tankesettet, og dei har også gevinstar i den meir overordna literacy- og tilgangskompetansen. Den litterære samtalen fungerer i denne samanhengen som ein dialogisk arena der elevane kan sette ord på tenkinga og dele fritt av sine litterære tolkingar. Medelevar og lærar kan vidare kome med innspel, korrigeringar og rettleiingar fortløpande. Dette dialektiske perspektivet spelar inn på den heilskaplege forståinga av den litterære teksten, i tillegg til at det også trener elevane i å lytte til andre, underbyggje sine påstandar og få eit metaperspektiv på sin eigen refleksjon og kritiske tenking. Studien viser også korleis ein kan, etter å ha kartlagt enkeltfaget i møte med kritisk tenking, kople saman fag og skape tverrfaglege samarbeid. I denne oppgåva blir det vist til døme mellom norsk og samfunnsfag.en
dc.description.abstractThis thesis examines critical thinking as a significant skill in context of the work on fiction in the L1-subject in upper secondary school. The issue of this thesis is as follows: What potential does the reading and conversation about fiction have for developing the ability of critical thinking? Critical thinking is a term, a concept and an ability that has been, is and will be important in the Norwegian school. With a new curriculum just around the corner, where critical thinking is being emphasized, the need for more knowledge related to the didactics regarding critical thinking has increased. Earlier research on critical thinking is divided when it comes to whether critical thinking is an independent and general skill, or whether it is subject-specific and must be understood and worked with in different ways based on the subject content. As evidenced by the qualitative data material on which the thesis is based, the work of critical thinking in a L1-subject perspective should be anchored in text. Thus, the study underpins a subject-specific understanding of critical thinking. The material shows how reading and conversation about fiction train pupils to enter multiple perspectives, develop a diverse understanding of power and contextual-literary-thinking. The experience-based entrance to the literature transforms the pupils into subjective actors who can interact with the text and dwell on issues and dilemmas that the text raises, and in this way practice their critical thinking. The study further shows that the experience-based approach should alternate with a more analytical approach, where the focus is on using subject-based terminology and more literary-based ways of thinking in the interpretation of text. These approaches will serve as important components of the critical mindset and play a part in the wider literacy definition. The literary conversation becomes a dialogical arena where pupils can put their thoughts and reflections into words and share freely of their literary interpretations, and where fellow pupils and the teacher can provide input, corrections and guidance consecutively. This dialectical perspective plays on the holistic understanding of the literary text. It also engages pupils to listen to others, substantiating their statements and gaining a meta perspective on their own reflection and their critical thinking. The study also shows how one can link subjects and create interdisciplinary collaboration. In this thesis a collaboration between the L1-subject and social science is discussed.en
dc.language.isonnen
dc.publisherOsloMet - Storbyuniversiteteten
dc.subjectVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Pedagogiske fag: 280::Fagdidaktikk: 283en
dc.titleÅ skjelne i og ved hjelp av fiksjonen – kritisk tenking i norskfageten
dc.title.alternativeTo discern within and with help from fiction – critical thinking in the L1-subjecten
dc.typeMaster thesisen
dc.description.versionpublishedVersionen


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel