Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorGedde-Dahl, Trine
dc.contributor.advisorLundberg, Pål
dc.contributor.authorTørring, Elise
dc.date.accessioned2020-06-23T08:40:26Z
dc.date.available2020-06-23T08:40:26Z
dc.date.issued2019
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/10642/8724
dc.descriptionMaster i skolerettet utdanningsvitenskapen
dc.description.abstractdenne masteroppgåva har eg søkt svar på problemstillinga «Korleis oppfattar norsklærarar nynorsk som sidemål i eit språkdidaktisk perspektiv?». Til problemstillinga høyrer tre forskingsspørsmål som lyder: • Kva verkar inn på lærarkognisjonen som gjeld nynorsk som sidemål hos tre norsklærarar? • Kva vektlegg tre norsklærarar i sidemålsopplæringa der nynorsk er sidemål? • Kva vektlegg tre norsklærarar når dei vurderer elevtekstar på sidemål? For å svare på desse spørsmåla har eg gjennomført ein tematisk analyse av kvalitative forskingsintervju med tre norsklærarar som jobbar i område der nynorsk er sidemål. I tillegg har eg analysert tilbakemeldingar dei same tre lærarane har gitt på sidemålstekstane til sine eigne elevar. Hovudfunna frå analysane er at rammefaktorane negative elevhaldningar og tidsnaud som følgje av emnetrengsel i norskfaget er mest framståande i lærarkognisjonen til informantane. Møtet med nynorsk i lærarutdanninga og erfaringar med nynorsk frå eigen skulegang er også sentrale faktorar, men har meir individuell innverknad på lærarkognisjonen om nynorsk som sidemål. I sidemålsopplæringa vektlegg informantane haldningsrelatert undervisning og formell språkopplæring i sidemål. Haldningsarbeidet blir stort sett gjort med morosame aktivitetar, medan språkopplæringa skjer gjennom tradisjonell grammatikkundervisning, lesing, skriving og etterarbeid med tilbakemeldingar. I tekstvurderinga fortel informantane at dei vektlegg innhald meir enn språk, noko som ikkje kjem klart fram i tilbakemeldingane deira, der språklege feil er sterkt framheva, om enn på ulike måtar. Til saman kan alt dette seie at norsklærarane i denne undersøkinga har eit delt språkdidaktisk perspektiv på nynorsk som sidemål. På den eine sida ser dei sidemålsopplæringa som ei utviding av førstespråket, men på den andre sida ser ut til å behandle nynorsk som framandspråk i undervisninga, til dømes ved å vektleggje tradisjonell grammatikkundervisning.en
dc.language.isonnen
dc.publisherOsloMet - storbyuniversitetet. Institutt for grunnskole- og faglærerutdanningen
dc.relation.ispartofseriesSKUT;2019
dc.subjectNynorsken
dc.subjectSidemålen
dc.subjectDidaktikken
dc.subjectAndrespråken
dc.subjectLærarkognisjonen
dc.subjectTekstresponsen
dc.subjectTematisk analyseen
dc.subjectMålformeren
dc.titleNynorsk som sidemål i eit lærarperspektiv: Ein kvalitativ studie av korleis tre norsklærarar oppfattar og arbeider med nynorsk som sidemålen
dc.typeMaster thesisen
dc.description.versionpublishedVersionen


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel