"Å vekke monster til live": Nomadisk-eksperimenterande-spekulative lesingar av #UFORSVARLIG
Abstract
Denne postkvalitative studien er basert på lesingar av det norske Barnehageopprøret og kampanjen
#uforsvarlig sine tekstar som frå 2018 har blitt publisert i Dagsavisen, og i opprøret si side på Facebook.
Dramatiske tekstar sendt inn av profesjonsutøvarar i barnehagane som skildrar sin barnehagekvardag.
Studien bygger på filosofien til Deleuze & Guattari, og ved å ta utgangspunkt i omgrepet «the fold», vert det
mogeleg å bruke spekulative, eksperimentelle og nomadiske fråflyttingar som tilnærming til lesingane. Det
hender forskjellig på ulike i nivå og parallelt gjennom studien:
Lesingane av #historiene er gjort med meir konkrete reiskapar, mellom anna med «transgressive data»
inspirert av Elizabeth St. Pierre og «wonder, glow og silence » av Maggie MacLure. Fleire dilemma dukkar
opp langs med og lesingane munnar ut i ei etisk analyse av den russiske språkforskaren Michel Bakhtin.
Deleuze sitt omgrep «assemblage» er sentralt gjennom studien, og er med på å synleggjere ulike
samansetningar som trer fram gjennom lesingane.
Description
Master i barnehagepedagogikk