Skriving i samfunnsfag. - Ein analyse av empati og historiemedvit i oppgåvetekstar og elevtekstar på 7. trinn
Abstract
Skriving som grunnleggjande ferdigheit er eit klart satsingsområde i skulen i dag.
Medan dei fleste studiar kring skriveoppgåver i skulen i stor grad dreier seg om testar
og eksamensoppgåver, er det i følgje Otnes (2015)i liten grad forska på oppgåvene
lærarane sjølv gir. I min studie ønskjer eg å setje fokus på skriving i samfunnsfag, og
har difor undersøkt oppgåvene lærarane sjølv gir, saman med elevtekstane desse
fører fram. Dette kjem til syne i mi problemstilling: Kva skriveoppgåver og elevtekstar
blir det arbeidd med i samfunnsfag på 7.trinn, og kva kjenneteiknar desse? For å
undersøke dette fekk eg tilgang til Normprosjektet sitt tekstkorpus. Eg henta difor
oppgåvetekstar og elevtekstar frå 7. trinn frå begge intervensjonsåra i
Normprosjektet.
I arbeidet med å undersøke kva som kjenneteiknar oppgåver og elevtekstar, retta eg
merksemda mot empatioppgåver og empatitekstar i samfunnsfag. Skram(2011) viser
til empati som ei intellektuell ferdigheit i samfunnsfag, som heng nært saman med
elevar sitt historiemedvit. Historiemedvit er i følgje Lund(2009) eit overordna mål i
læreplanen, og Bøe (2002) peiker på at empati er ein viktig føresetnad for å utvikle
elevars historiemedvit. Gjennom empatioppgåvene kan elevane utvikle forståing for
andre liv og situasjonar frå fortida. Eg byrja med å kategorisere alle oppgåvene frå
materiale knytt til samfunnsfag på 7.trinn. Ved å ta i bruk Otnes rollekategoriar gjorde
eg ei analyse av dei reine samfunnsfaglege oppgåvene. Funna mine var tydelege,
av dei totalt 19 oppgåvene var 11 av desse knytt til empatikarrolla.
Denne studien tek sikte på å gi innsikt i korleis empati og historiemedvit kjem til
uttrykk i elevtekstar i samfunnsfag på 7. trinn. For å undersøke dette har eg
gjennomført ei tekstanalyse av empatioppgåver og empatitekstar. Hovudanalysen
baserer seg difor på tre oppgåvetekstar og seks elevtekstar på 7. trinn. Ved hjelp av
Macken-Horariks domene har eg identifisert empati og historiemedvit gjennom
tekstanalytiske grep og ulike tidsaspekt i elevtekstane.
Studien peiker på at empatioppgåver er utfordrande, fordi dei krev at elevane skal
hente kunnskap frå eigne erfaringar, samstundes som det skal knytast til teori frå
historiefaget.
Empati og historiemedvit kjem til uttrykk i varierande grad hos elevane. Fleire av
elevtekstane får fram ulike og viktige aspekt frå historia, og to av elevtekstane skil
seg ut ved at dei i større grad tek i bruk kunnskap frå teori i historiefaget. Likevel ser
ein ei klar overvekt av erfaringsorientert kunnskap i elevtekstane.
Description
Master i skolerettet utdanningsvitenskap