Leirskuleveka - Ei kvalitativ undersøking om kva elevane gjer der, og kva relevans ei slik veke har for elevane
Master thesis
Published version
Åpne
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/10642/6232Utgivelsesdato
2018Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Målsetjing: Leirskule er ei veke mange kjenner frå barneskulen, men det er eit område som er lite forska på.
Denne oppgåva tek sikte på å følgje elevane gjennom ei leirskulevek, og få innsikt i kva relevans
klasselærarane meiner veka har. Oppgåva si problemstilling vart då: "Kva uttrykkjer seg i elevane si verksemd
i ei leirskuleveke, og kva relevans meiner klasselærarane ei slik veke har for elevane?"
Metode: Får å finne svaret på dette har eg nytta ei kvalitativ metode med ein kombinasjon av deltakande
observasjon og fokusgruppeintervju. Observasjon var av elevane og det dei gjorde frå ankomst til avreise i
leirskuleveka. Det var tre ulike skular til stades denne veka, med om lag åtti elevar. Intervjua vart gjort saman
med klasselærarane mot slutten av veka. Desse vart gjennomført i grupper, der lærarane frå den same skulen
vart intervjua saman. Utvalet bestod av både mannlege og kvinnelege lærarar der nokre var med på leirskule
for fyrste gong, medan andre hadde vore med opp mot seksten gongar på leirskule.
Teoretisk perspektiv: Oppgåva er hermeneutisk vinkla, der eg som forskar har tolka og analysert det eg
observerte frå elevane si livsverd på leirskulen. Klasselærarane sine refleksjonar vil og vera tolkingar dei har
gjort ut frå sine erfaringar med elevar på leirskule. Vidare ligg det eit leirskuleperspektiv i botn. Eg har gjort
greie for utvikling av tankane om at oppsedinga måtte vera noko meir, og korleis dette vidare la eit grunnlag for
utvikling av leirskuletanken. Det har vist seg ulike forslag for kva retning pedagogikken burde ta. I denne
oppgåva har eg avgrensa det til John Dewey sin pragmatiske og erfaringsnære pedagogikk, i tillegg til at eg
trekkjer inn Otto Bollnow med eksistenspedagogikken som han meinte kunne fungere som eit utfyllande
supplement til den tradisjonelle og meir kontinuerlege utviklinga.
Resultat: Denne oppgåva viser at leirskulen vert som ein «miniatyr» av det sjølvstendige liv. Elevane vert stilt
krav til, får ansvar for ulike oppgåver, er sosiale, opplev nye ting, og gjer elles det som trengs for å fungere
saman frå morgon til kveld. For mange er det ei utfordrande veke, samtidig som det er ei veke med mykje
læring. Det kjem fram at opplevingane i leirskuleveka kan ha relevans i elevane sine liv, men skal
leirskuleveka ha nokon større relevans for skulegangen bør det leggjast opp til dette. Klasselærarane la i den
samanheng vekt på at ein måtte førebu elevane, samtidig som dei må få tid i etterkant til å arbeide med det dei
har opplevd. Leirskuleveka står seg ikkje åleine, men vert den kopla til skulegangen kan den verke
supplerande på ei elles jamn og trygg undervising. Slik er leirskuleveka relevant i elevar sin skulegang og livet
elles, ved å bidra til ei meir heilskapleg utvikling.
Beskrivelse
Master i skolerettet utdanningsvitenskap