Unemployment in a Segmented Labour Market?
Abstract
Compared to other OECD countries Norway has experienced low unemployment rates during the last twenty years, but the youth to adult unemployment ratio has been among the highest in the OECD. This can be an indication of structural barriers to young people's labour market entry. Most labour market research, and policy, has focused on long-term unemployment. However, youth unemployment in Norway is generally characterised by frequent but short spells of unemployment, compared to other European countries, where long-term unemployment has been a societal problem the last decade. That unemployment may breed unemployment is however well documented in empirical studies during the last decade. This may be caused by "nomadic" behaviour among young people who are vulnerable to unemployment. However, it is also possible that it is previous unemployment experience which implies higher risk of successive unemployment periods. The empirical analysis of this report is based on data collected as part of a comparative research project about unemployment in Europe. The sample was drawn from registered unemployed youth with more than 3 months continuous unemployment during the first half year of 1995. A postal questionnaire was sent out with two reminders to a sample of 2000 young people in the age group 18 to 24 years old. We have explored the relationship between frequency of spells of unemployment and so-called individual "background" factors, education and family situation and indicators of individual "problems". Recurrent unemployment spells seem primarily to be a problem for young males living in rural areas with vocational or little education after compulsory school. Many unemployment spells were clearly related to mental health problems, but surprisingly not to work involvement. Moreover, the analysis shows that those with many spells of unemployment to a large degree had been employed in sales/retail and as unskilled employees in service, industry and the primary sector. Temporary employment seemed in particular to increase the risk. Both duration and frequency of previous unemployment spells were important predictors of later unemployment, when both individual and structural factors were taken into account. However, frequency seemed to be the most important, and this may have some consequences for Norwegian labour market policy. Temaet for denne rapporten er gjentekne arbeidsløyseperiodar blant ungdom. Studien er tufta på ei spørjeundersøking med svar frå eit representativt utval på 2000 norske ungdomar i alderen 18-24 år. Kriteriet for å vere med i undersøkinga var at dei hadde vore registrerte som arbeidslause i tre månader eller meir våren 1995 og søkte arbeid på heiltid. Nokre av hovudfunna i undersøkinga følgjer her: Mennene i alderen 21-24 år hadde vore arbeidsledige fleire gonger enn kvinnene i same aldersgruppe, medan kvinnene på si side hadde vore ledige i lengre periodar. Mange arbeidsløyseperiodar var vanlegare blant ungdom på landsbygda enn blant dei som budde i storbyane. Blant dei eldste unge mennene var det ein klar samanheng mellom talet på arbeidsløyseperiodar og sosial bakgrunn - dess høgare utdanning far hadde, dess mindre var sannsynet for å ha vore arbeidsledig mange gonger. Dei som sist jobba som ufaglært arbeidskraft innafor tenesteyting, primærnæring og industri, og sal/detaljhandel, var mest utsette for mange arbeidsløyseperiodar når det vart teke omsyn til individuelle faktorar som kjønn, alder, utdanningsnivå, bustad, helse etc. Det var ein klar tendens til at dei som hadde vore arbeidslause i mange periodar rapporterte om dårlegare helse enn dei med få slike periodar. Men dei med mange arbeidsløyseperiodar hadde ikkje lågare arbeidsmotivasjon enn dei med færre slike periodar. Dette kan tyde på at det ikkje berre er snakk om friviljug arbeidsløyse. Dess fleire gonger mennene hadde vore arbeidslause, dess større var risikoen for at dei ö²g var arbeidslause 6-12 månader etter at dei vart valde ut til å vere med i undersøkinga. Dette gjaldt uavhengig av kor lenge dei hadde vore arbeidslause totalt. Rapporten er skrive på engelsk. Ho er basert på Trine Staviks hovudoppgåve på Universitetet i Oslo i 1999. Forfattarane har arbeida saman for å oversetje oppgåva til engelsk. Prosjektet inngår i EU-prosjektet Youth unemployment and social exclusion in Europa.