• norsk
    • English
  • English 
    • norsk
    • English
  • Login
View Item 
  •   Home
  • Fakultet for lærerutdanning og internasjonale studier (LUI)
  • LUI - Institutt for grunnskole- og faglærerutdanning
  • View Item
  •   Home
  • Fakultet for lærerutdanning og internasjonale studier (LUI)
  • LUI - Institutt for grunnskole- og faglærerutdanning
  • View Item
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Aldersblanding i matematikkundervisinga. Samanhengen mellom læraren sitt syn på aldersblanding og nyttiggjeringa av fellesskapen

Frøysa, Solveig
Bachelor thesis
Thumbnail
View/Open
Frøysa bacheloroppg.pdf (946.1Kb)
URI
https://hdl.handle.net/20.500.12199/1261
Date
2018-04-19
Metadata
Show full item record
Collections
  • LUI - Institutt for grunnskole- og faglærerutdanning [603]
Abstract
Sjølv om effekten av læring gjennom sosial interaksjon og praktisk læring i elevfellesskapen

er godt dokumentert i forskingslitteraturen, er det mindre kjent korleis lærarar i aldersblanda

elevgrupper gjer seg nytte av denne fellesskapen. Det er heller ikkje kjent korleis læraren sitt

syn på aldersblanding påverkar. Denne studien undersøker samanhengen mellom læraren sitt

syn på aldersblanding og deira nyttiggjering av fellesskapen i matematikkundervisinga.

Årsaka til at eg har valt matematikk er at dette er eit fag der dei aldersblanda gruppene ofte

vert delt til aldershomogene, og det kan dermed tenkast at det er vanskelegare å tilpasse

opplæringa i matematikk til ei aldersblanda grupper enn i andre fag.

Eg har nytta ei semistrukturert spørjeundersøkinga som vart sendt ut til matematikklærarar

ved ulike skular som driv med aldersblanding. Totalt fekk eg inn svar frå 47 respondentar, og

av desse nytta eg fem av svara til denne oppgåva. Utvalet er basert på lærarane sitt syn på

aldersblanding, og eg har inkludert dei respondentane som hadde det mest udelte positive og

negative synet på aldersblanding. Om desse lærarane har eg nytta omgrepa ressursorientert og

problemorientert. Deretter såg eg nærmare på korleis desse lærarane nytta fellesskapen i

matematikkundervisinga.

Resultata synte at det var ein samanheng mellom lærarane sitt syn på aldersblanding og deira

nyttiggjering av fellesskapen. Dei problemorienterte lærarane dreiv ei meir individualisert

matematikkopplæring, medan dei ressursorienterte lærarar la til rette for meir samhandling

mellom elevane slik at dei ogso fungerte som ressursar for kvarandre.

Det ser ut til å vere ein tydeleg samanheng mellom læraren sitt syn på aldersblanding og

måten han eller ho nyttiggjer seg av den aldersblanda elevfellesskapen i

matematikkundervisinga. Funna blir diskutert opp mot kvarandre og i lys av teoretisk

rammeverk og empirisk litteratur. Forslag til vidare forsking vil også bli presentert.
Description
Grunnskolelærer 5.-10.-trinn
Publisher
OsloMet - Storbyuniversitetet

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit
 

 

Browse

ArchiveCommunities & CollectionsBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournalsThis CollectionBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournals

My Account

Login

Statistics

View Usage Statistics

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit