Motivasjon som drivkraft - Kva betyding har motivasjon for sjukefråvær i arbeidslivet?
Bachelor thesis
View/ Open
Date
2017-05Metadata
Show full item recordCollections
- SAM - Handelshøyskolen [414]
Abstract
I denne oppgåva ynskjer vi å svare på problemstillinga; Kva betyding har motivasjon for sjukefråværet i arbeidslivet? For å kunne svare på denne problemstillinga har vi tatt i bruk teori og allereie gjennomført forsking på området, i tillegg til eit kvalitativt forskingsopplegg der vi har utført semistrukturerte intervju med fire respondentar.
Vi tok i bruk Self-determination theory som teoretisk grunnlag. Gjennom prosessen blei det tydeleg for oss at faktorar som autonomi, kompetanse og tilhøyrsle påverkar ein medarbeidar sin indre motivasjon. Denne forma for motivasjon underbyggjer gleda den tilsette føler ved utføringa av ein jobb, og kan vere med på å heve terskelen for når man er heime frå jobb med restkapasitet. Studiet har altså vist at motivasjon kan ha ei betyding for sjukefråværet i arbeidslivet.
Formålet med oppgåva har ikkje vore å skape noko nytt, men heller å auke forståinga rundt motivasjon og korleis motivasjon kan påverke sjukefråvær i ein arbeidssamanheng.
Description
Bachelor i Administrasjon og ledelse