Sosiomaterielle vilkår for brukarmedverknad i Nav. Ein kvalitativ studie av opplevingar til menneske med rusutfordringar.
Peer reviewed, Journal article
Published version
View/ Open
Date
2023Metadata
Show full item recordCollections
- Publikasjoner fra Cristin [3404]
- SAM - Institutt for sosialfag [481]
Original version
Tidsskrift for velferdsforskning. 2023, 26 (3), . https://doi.org/10.18261/tfv.26.3.4Abstract
Brukarmedverknad er eit relevant tema i Nav. Rusbrukarar med alvorlege problem får
mindre gode kommunale tenester enn andre brukarar. Forsking på medverknad for bru-
karar av Nav med alvorlege rusutfordringar er likevel avgrensa. Me intervjua tolv personar
med rusutfordringar ansikt til ansikt om deira erfaringar med brukarmedverknad i Nav. Sju
deltakarar gjennomførte fleire intervju, og fem deltakarar gjennomførte eitt intervju. Artik-
kelen drøftar korleis sosiomaterielle vilkår kan verka inn på deira oppleving av brukarmed-
verknad i Nav. Sosiomaterialitet forstår me som samspel mellom fysiske, mentale og sosiale
rom. Dei analytiske skilja får fram samanhengar mellom menneske, rom og materiell. Funna
viste at kommunikasjon i sanntid ved fysiske møte eller med telefon og vedvarande rela-
sjonar fremma medverknad. Manglande nærleik i tid og rom mellom Nav-rettleiar og bru-
kar kunne hindra opplevingar av god medverknad. Dokumentasjon og diagnosar markerte
stundom endring og tryggleik, men prosessane kosta tid og krefter. Medverknad i dokumen-
tasjon av diagnosar vart erfart som viktig. Studien får fram korleis sosiomaterielle vilkår for
direkte kontakt med ein kjend Nav-rettleiar påverkar opplevinga av god brukarmedverknad.