Midtvegsevaluering av Program for folkehelsearbeid i Vestland
Report
Published version
View/ Open
Date
2023Metadata
Show full item recordCollections
- NIBR rapport [583]
Abstract
Rapporten er ei midtvegsevaluering av Program for folkehelsearbeid i Vestland, som er ein del av det nasjonale Program for folkehelsearbeid i kommunane 2017–2027. Evalueringa har form av ei kartleggingsundersøking om korleis programmet fungerer i prosjektkommunane og korleis situasjonen og utfordringane er i dei kommunane som ikkje er tekne opp i programmet (ei målsetting er at programmet òg skal kome desse til nytte). Datagrunnlaget består av ei spørjeundersøking til alle kommunar i fylket, djupintervju med eit utval programkommunar og kommunar utan tiltak, samt djupintervju i FoU- og kompetansesmiljø involvert i Folkehelseforum Vestland. Undersøkinga belyser trekk ved organsieringa av det kunnskapsbaserte og systematiske folkehelsearbeidet i kommunane og ser meir spesifikt på organisering og gjennomføring av tiltaka, samarbeidet mellom kunnskapsmiljøa og kommunane og rolla til Vestland fylkeskommune og Folkehelseforum Vestland.