«Noen er humoristiske og rørende, mens andre er irrelevante og kleine». Ungdom sine vurderingar av fire diktsamlingar skrivne for ungdom
Peer reviewed, Journal article
Published version
Date
2021-03-04Metadata
Show full item recordCollections
Original version
Norsklæreren. 2021, (1), 57-73. https://www.norskundervisning.no/nyheter-og-artikler/norsklreren-1-21Abstract
Det finst i dag ei rekke prisar som synleggjer litteratur skriven for ungdom. Kåringar som Brageprisen, Kritikerprisen og prisane hjå Nordisk råd og Kulturdepartementet er med på å auke status og bidrar til å anerkjenne ungdomslitteratur som kunst. I dei nemnde døma er det vaksne som sit i juryen og vurderer barne- og ungdomslitteratur på vegner av målgruppa. Samtidig finst det også kåringar der ungdomen sjølv trer inn i rolla som kritikar. I både Uprisen og Ungdommens kritikerpris er det ungdom som sit i juryen og avgjer kven som får utmerkinga. Likevel blir Uprisen omtala som den einaste «reine» ungdomsprisen, og det kjem av at ungdom i Ungdommens kritikerpris vel mellom bøker som allereie er nominert av Norsk kritikerlag, altså ein vaksen-jury. I tillegg er mange av bøkene som blir vurdert til Ungdommens kritikerpris, bøker som hamnar innunder kategorien vaksenlitteratur. Dermed er Uprisen den einaste kåringa i Noreg der ungdom sjølv vurderer ungdomslitteratur, med få føringar frå vaksne. I denne artikkelen vil vi sjå nærmare på korleis ungdomsskuleelevar, via nettstaden Uprisen.no, vurderer fire diktsamlingar utgitt i 2019. For å analysere meldingane tar vi utgangspunkt i Per Thomas Andersen (1987) sine kriterium for litteraturkritikk. I tillegg nyttar vi teoretiske perspektiv frå Erik Bjerck Hagen (2004) og Cecilie Wright Lund (2000) i drøftinga. Meldingane som blir analysert, er skrivne til diktsamlingane Følg med nå (Skaug, 2019), Vind i værhanen (Andersen, 2019), Når er jeg gammel nok til å skyte faren min? (Ombustvedt & Engedal, 2019) og Kom og sett meg i orden (Bergquist, 2019).