Bibliotekaren som rettleiar: Kompetanseutvikling og erfaringsdeling i eit akademisk bibliotek
Chapter, Peer reviewed
Published version

View/ Open
Date
2020-12-15Metadata
Show full item recordCollections
Original version
Bøyum I, Byström K: Bibliotekaren som rettleiar: Kompetanseutvikling og erfaringsdeling i eit akademisk bibliotek. In: Evjen, Olsen, Tveit ÅK. Rød mix: Ragnar Audunson som forsker og nettverksbygger, 2020. ABM-media AS p. 121-143Abstract
Kontinuerleg læring og kompetanseutvikling er naudsynt for dei fleste profesjonar. Bibliotektilsette er ikkje noko unnatak, og frå 90-talet har forsking innan bibliotek- og informasjonsfag retta merksemda mot læring og informasjonskompetanse (Bandyopadhyay & Boyd-Byrnes, 2016; Saunders, 2020), og den pedagogiske rolla bibliotekarar har for å utvikle informasjons- kompetansen hos studentar har vore mykje diskutert (Bøyum et al., 2017; Limberg et al., 2008; Lupton & Bruce, 2010). På den andre sida har ikkje bibliotekarars eigen informasjonskompetanse og informasjonspraksis vore forska like mykje på (Bøyum et al., 2017; Pilerot & Lindberg, 2018). For å bidra til utvikling av informasjonskompetanse trengst minimum grunnleggande kunnskap og ferdigheiter knytte til verktøya som er i bruk. Løpande teknologisk utvikling, endring i informasjonsressursar og ikkje minst informasjonsgjenfinningsverktøy og forskingsstøtteteknologi er typiske døme på område for kompetanseutvikling for bibliotekarar i akademiske bibliotek. For å yte meir avansert støtte og rettleiing krev ein meir omfattande kunnskap og ferdigheiter knytt til verktøya og korleis dei er eigna innanfor ulike informasjonslandskap og kontekstar (sjå t.d. Lloyd, 2017). Døme på kontekstar og kunnskapsområde kan vere undervisning og rettleiing, utvikling av biblioteksystem, eller bibliotekets skranke og det arbeidet som vert utført der.