Natural nurses, skilful sailors. Gender non-traditional choices of education in Norway
Doctoral thesis, Peer reviewed
Published version
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/10642/9229Utgivelsesdato
2020Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Norway is ranked as one of the most gender-equal countries in the world. Yet, Norway has, like
most countries, a gender divided labour market. How does this division of work affect young
men and women’s interest in and assessment of different occupations? The labour market is
one of the most important social arenas in which expectations are formed about what people
are good at and suited for. What men and women do in a given society shape cultural
assumptions in that society about the interests and competencies of men and women. This thesis
is an exploration of such cultural assumptions among students and teachers in two gender-typed
study fields in Norway; nursing studies and nautical science studies. The study qualitatively
investigates how assessments of competence intersect with gender and explores what shapes
notions of suitability in the education.
Although much research is devoted to educational and occupational gender segregation, the
male minority position has been comparatively little studied within this literature. Moreover,
most of the research on gender non-traditional choices, or on gender inclusion and exclusion in
education, is done within either male-dominated or female-dominated fields of study. The
empirical material in this study is produced by the means of individual interviews with and
observation among both male and female students in both study programs. The thesis thus
brings new insights to what shapes processes of inclusion – sustaining diverse views of who
belongs, and exclusion – a narrowing of who belongs, in gender-typed study fields. The study
investigates on the one hand the role of gender in the students’ accounts of their educational
pathways and how young people in Norway reflect around the making of gender traditional and
gender non-traditional choices of education. On the other, the study enquires how institutionally
embedded assessments of competence in the two study fields interconnect with conceptions of
gender. This double attention allows for analyzing what feeds processes of gender inclusion
and exclusion both regarding the entry to gender-typed study fields and the shaping of notions
of suitability and belonging in the education context.
Conceptually, the thesis proposes a theoretical composite of boundary theory, repertoire theory
and gender frame theory. Building on the insights generated by the combination of these
perspectives, I study gender inclusion and exclusion in gender typed study fields through
processes of categorisation and valuation. This conceptualisation helps grasp under what
conditions gender inclusion and exclusion take shape. The findings show that assessments of
competence and notions of gender had different intersections in nursing and in nautical science.
Based on three empirical articles, the thesis suggests that understandings of how educational
fields or types of competence are gendered require attention to both the conceptions of gender
available to people through the society at large, and the institutional frame within which
individuals are acting, as well as the dynamic relationship between these contexts. Furthermore,
the study displays pluralistic and adaptable notions of gender and competence among the
students. Such variability, interpreted as a plurality of cultural resources available to frame
gender and competence, is conceptualised as carrying the potential for change in the processes
sustaining gender exclusion in gender typed study fields. Noreg er rekna som verdsmeister i kjønnslikestilling. På same måte som i andre land er
likevel arbeidsmarknaden i landet sterkt kjønnsdelt. Korleis påverkar inndelinga i
‘mannsjobbar’ og ‘kvinnejobbar’ unge si interesse for og vurdering av ulike yrker? Det blir
hevda at arbeidslivet er ein av dei viktigaste sosiale arenaer der forventingar blir forma om
kva menn og kvinner passar til. Det menn og kvinner jobbar med påverkar altså
oppfatningane om kva menn og kvinner er interesserte i og har evner til. Denne avhandlinga
utforskar slike oppfatningar blant studentar og lærarar ved to kjønnsdelte utdanningslinjer i
Noreg: sjukepleie og nautikk. Ved hjelp av kvalitative metodar undersøker studien korleis
verdsetting og vurderingar av kompetanse heng saman med oppfatningar om kjønn, og søker
å forstå kva som skaper tilhøyrsle og kjensler av å vere skikka til arbeidet i desse
utdanningslinjene.
Det har blitt forska mykje på kjønnsdelte utdanningar og yrker, men den mannlege
minoritetsposisjonen har blitt relativt lite undersøkt. Ofte er også denne forskinga gjort på
enten kvinnedominerte eller mannsdominerte utdanningar, medan det er gjort færre
samanlikningar på tvers. Det empiriske materialet i denne avhandlinga er bygd på individuelle
intervju og deltakande observasjon blant både menn og kvinner i begge utdanningslinjer.
Avhandlinga bringer derfor ny innsikt i kva som skaper inklusjon – det som bygger opp under
eit mangfaldig syn på kven som høyrer til og eksklusjon – ei innsnevring i synet på kven som
høyrer til, i kjønnsdelte utdanningslinjer. Avhandlinga har ein todelt inngang til å undersøke
dette. For det første utforskar studien kva rolle kjønn spelar i dei unge sine utgreiingar om
utdanningsvalet sitt og korleis dei resonnerer rundt kjønnstradisjonelle og kjønnsutradisjonelle
val. For det andre undersøker studien korleis institusjonaliserte kompetanseverdsettingar i dei
to utdanningslinjene heng saman med oppfatningar om kjønn. Dette doble fokuset gjer at
avhandlinga både kan seie noko om kva som skaper inklusjon og eksklusjon ved inngangen til
kjønnsdelte utdanningar og kva som skaper tilhøyrsle og oppfatningar av kven som dug i
utdanningskonteksten.
Avhandlinga nyttar seg av eit teoretisk rammeverk set saman av teoriar om symbolske
grenser, repertoarteori og gender frame-teori. Basert på desse teoriane, foreslår avhandlinga å
studere kjønnsinklusjon og -eksklusjon gjennom å utforske korleis menneske kategoriserer og
verdset. Dette rammeverket gjer at ein kan gripe under kva slags tilhøve inklusjons- og
eksklusjonsprosessar tek form. Avhandlinga syner at vurderingane av kompetanse og
oppfatningane av kjønn hadde ulike samankoplingar i sjukepleiestudiet og i nautikkstudiet.
Basert på tre empiriske artiklar foreslår studien at for å forstå korleis typar av kompetanse og
utdanningsfelt er kjønna må ein fokusere både på idear om kjønn tilgjengeleg for folk
gjennom samfunnet ein lever i, den institusjonelle konteksten som studentane og lærarane er
ein del av og den dynamiske samanhengen mellom desse. Vidare syner studien fram
mangfaldige og adaptive oppfatningar av kjønn og kompetanse blant studentane. Denne
variasjonen, som blir forstått som at studentane har ulike kulturelle ressursar å trekke på for å
fortolke kjønn og kompetanse, blir konseptualisert som berar av potensialet for endring i det
som driv eksklusjonsprosessar i kjønnsdelte utdanningslinjer.
Utgiver
OsloMet - StorbyuniversitetetOsloMet - Oslo Metropolitan University