Å vere lærar i programmering utan å kunne programmere
Master thesis
Published version
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/10642/7795Utgivelsesdato
2019Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Programmering er på veg inn i den norske skulen om ein del av fornyinga av læreplanane i Norge, omtala som Fagfornyinga, den største endringa i skulen sidan Kunnskapsløftet i 2006. Fagfornyinga vart lansert med ei målsetjing om å «ruste elevane best mogleg for framtida», og i oversikta over kva som er nytt i dei ulike faga er programmering eller algoritmisk tenking nemnt eksplisitt i faga Matematikk, Naturfag, Musikk og Kunst og Handverk. Dei nye fagplanane med programmering i eksisterande skulefag og algoritmisk tenking gjennom heile grunnskuleløpet trer i kraft hausten 2020. Med slike større læreplanendringar er det
interessant å sjå nærare på korleis dei vert opplevd av lærarane som skal innføre endringane i skulen og klasserommet. Spesifikt er det interessant å sjå nærare på korleis lærarar som ikkje har programmeringskompetanse og som underviser i skulefag som får programmering inn som nytt fagområde, oppfattar ei slik endring. For å få eit breiare innblikk i utfordringane med å innføre programmering i grunnskulen og ei tydelegare forståing av korleis innføringa kan verte motteken, undersøker eg i denne studien problemstillinga: «Korleis opplever og forstår lærarar utan formell programmeringskompetanse si rolle, i møte med innføring av programmering i skulen?» med fokus på rolleforståing, rolleutøving og forventningar om utbytte av undervisninga. Problemstillinga blir undersøkt gjennom djupneintervju med 6
lærarar på mellomtrinnet i ei kommune som har satsa spesifikt på programmering på alle trinn. Funna viser at lærarane ser at programmering kan ha ein verdi både i og på tvers av fag i skulen, men at lærarrolla i møte med eit fagområde som er nytt og i stor grad ukjent i skulen er utfordrande og både krev kompetanseheving og endring i rolleforståing.
Beskrivelse
Master i IKT-støttet læring