Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorJohannesen, Monica
dc.contributor.authorFrantsen, Torbjørn
dc.date.accessioned2019-11-05T14:22:53Z
dc.date.available2019-11-05T14:22:53Z
dc.date.issued2019
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/10642/7795
dc.descriptionMaster i IKT-støttet læringen
dc.description.abstractProgrammering er på veg inn i den norske skulen om ein del av fornyinga av læreplanane i Norge, omtala som Fagfornyinga, den største endringa i skulen sidan Kunnskapsløftet i 2006. Fagfornyinga vart lansert med ei målsetjing om å «ruste elevane best mogleg for framtida», og i oversikta over kva som er nytt i dei ulike faga er programmering eller algoritmisk tenking nemnt eksplisitt i faga Matematikk, Naturfag, Musikk og Kunst og Handverk. Dei nye fagplanane med programmering i eksisterande skulefag og algoritmisk tenking gjennom heile grunnskuleløpet trer i kraft hausten 2020. Med slike større læreplanendringar er det interessant å sjå nærare på korleis dei vert opplevd av lærarane som skal innføre endringane i skulen og klasserommet. Spesifikt er det interessant å sjå nærare på korleis lærarar som ikkje har programmeringskompetanse og som underviser i skulefag som får programmering inn som nytt fagområde, oppfattar ei slik endring. For å få eit breiare innblikk i utfordringane med å innføre programmering i grunnskulen og ei tydelegare forståing av korleis innføringa kan verte motteken, undersøker eg i denne studien problemstillinga: «Korleis opplever og forstår lærarar utan formell programmeringskompetanse si rolle, i møte med innføring av programmering i skulen?» med fokus på rolleforståing, rolleutøving og forventningar om utbytte av undervisninga. Problemstillinga blir undersøkt gjennom djupneintervju med 6 lærarar på mellomtrinnet i ei kommune som har satsa spesifikt på programmering på alle trinn. Funna viser at lærarane ser at programmering kan ha ein verdi både i og på tvers av fag i skulen, men at lærarrolla i møte med eit fagområde som er nytt og i stor grad ukjent i skulen er utfordrande og både krev kompetanseheving og endring i rolleforståing.en
dc.language.isonnen
dc.publisherOsloMet - storbyuniversiteteten
dc.subjectProgrammeringen
dc.subjectKodingen
dc.subjectLærerrolleen
dc.subjectAlgoritmisk tenkningen
dc.subjectLærerkompetanseen
dc.subjectVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Pedagogiske fag: 280::Andre pedagogiske fag: 289en
dc.subjectVDP::Teknologi: 500::Informasjons- og kommunikasjonsteknologi: 550::Annen informasjonsteknologi: 559en
dc.titleÅ vere lærar i programmering utan å kunne programmereen
dc.typeMaster thesisen
dc.description.versionpublishedVersionen


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel