Show simple item record

dc.contributor.advisorMathisen, Therese Fostervold
dc.contributor.authorFjellestad, Ingrid
dc.date.accessioned2019-03-04T13:51:58Z
dc.date.available2019-03-04T13:51:58Z
dc.date.issued2018
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/10642/6715
dc.descriptionMaster i samfunnsernæringen
dc.description.abstractBakgrunn: Stadig fleire deltek i fitnesskonkurransar. Det er lite dokumentert kva for strategiar som vert praktisert mellom fitnessutøvarar og korleis den konkurranseførebuande perioden påverkar kroppssamansetjinga. Det overordna målet for denne studien var såleis å undersøkje 1) kva som kjenneteiknar fitnessutøvarar sitt kosthold og trening i diettperioden, 2) om fitnessutøvarar kan auke muskelmassen i diettperioden, og 3) om noko skil trenings- og kostholdsrutinar til utøvarar som aukar muskelmasse frå dei som tapar muskelmasse i diettperioden. Metode: Kroppssamansetjinga til 20 kvinnelege fitnessutøvarar vart målt ved studiens start og rett før konkurranse ved hjelp av Dual Energy X-ray Absorptiometry. I same periode blei kostholdet kartlagt ved 4-dagers, vegd kostregistrering medan spørreskjema vart nytta til kartlegging av trening. Utvalet blei delt i to grupper: «Lean body mass vekst», og «lean body mass tap», ut frå om resultat frå kroppsanalyse viste auka eller tapt muskelmasse mellom diett start og diett slutt. Resultat: Utvalet reduserte vekt -4,7 (3,4) kg, og fettmasse -4,8 (4,0) kg, medan lean body mass auka 1,0 (1,6) kg i diettperioden. Energiinntaket vart estimert til 27 (5) kcal, proteininntaket til 2,8 (0,5) g, karbohydratinntaket til 2,3 (0,7) g, og fettinntaket til 0,7 (0,3) g pr. kg kroppsvekt. Med unntak av endring i: vekt (p<0,05), lean body mass (p<0,01) og endring i proteininntak (p<0,05), var det ingen signifikante ulikskapar i treningsrutinar eller kosthold mellom dei 13 utøvarane som auka vs. dei 7 utøvarane som tapte lean body mass mellom diettstart og diettslutt. Konklusjon: Resultata frå denne studien tyder på at det er mogleg for eit utval fitnessutøvarar å auke muskelmassen i energiunderskot. Det trengst likevel fleire studiar for å kunne gje tilrådingar vedrørande ernæring til denne gruppaen
dc.language.isonnen
dc.publisherOsloMet - storbyuniversitetet. Institutt for sykepleie og helsefremmende arbeiden
dc.relation.ispartofseriesMAEH;2018
dc.subjectErnæringen
dc.subjectKostholden
dc.subjectFitnessen
dc.subjectKroppssammensetningen
dc.subjectVektreduksjonen
dc.subjectTreningen
dc.subjectMuskelmasseen
dc.titleFitnessutøvarar sin konkurranseførebuande periodeen
dc.typeMaster thesisen
dc.description.versionpublishedVersionen


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record