Tilsetjing og arbeidsløyse i Noreg og Danmark: Er svakt stillingsvern gunstig for folk med dårleg helse?
Original version
Heggebø, K. (2016). Tilsetjing og arbeidsløyse i Noreg og Danmark:-Er svakt stillingsvern gunstig for folk med dårleg helse?. Tidsskrift for samfunnsforskning, 57(01), 3-30. http://dx.doi.org/10.18261/issn.1504-291X-2016-01-01Abstract
Denne studien undersøker arbeidsmarknadstilknytinga til personar med helseproblem i Danmark og Noreg i ein periode med låg etterspurnad etter arbeidskraft.
Noreg og Danmark deler mange karakteristikkar,
men stillingsvernet er vesentleg svakare i den danske «flexicurity»-modellen. Dette kan vere gunstig for personar med dårleg helse, fordi det er mindre risiko
for arbeidsgjevar ved å tilsetta nokon med eit negativt signal (dårleg helse, for eksempel) når det er enkelt å seie opp arbeidstakaren dersom han/ho ikkje er produktiv nok. Resultata indikerer at folk med helseproblem i Danmark har litt større sannsyn
for å bli tilsett, og ganske markant større sannsyn for å vere arbeidsledig, enn personar med god helse i løpet av observasjonsvindauget (2008–2011). I tillegg er det meir utbreitt med midlertidig stillingskontrakt
blant dei med dårleg helse i Danmark. Folk med helseproblem i Noreg derimot, skil seg ikkje særleg frå personar med god helse. Dette tyder på at eit svakt stillingsvern sannsynlegvis ikkje er vegen å gå for å sikra høg sysselsetting blant folk med dårleg helse.