Materialeksperimentering i glas
Abstract
Gjennom ein materialeksperimenterande prosess har eg utvikla eit mangfald av materialprøvar. Eg har teke utgangspunkt i glasplater, for så å dela dei opp i modular eller fragment. Ved å nytta ein fusing-omn kan eg smelta delane i saman til nye former.
Det oppstår ei føling av djupna i designa der eg har jobba med modular over fleire lag, eg har prøvd å forsterka føling av djupna ved å sjå på samanseninga av opakt, transperent og gjennomsiktig glas .
Arbeidet har resultert i produkt som skåler og fat, men hovudfokuset har vore på å utvikla glasplater som kan nyttast som byggjematerial i skjeringspunktet mellom arkitektur og utsmykking.
Eg har undersøkt om det er mogleg å laga større glasplater enn det som går an ved HiOA sin maskinpark, samt metodar for å sikra glaset slik at det vert egna som byggematerial.
For å få tilbakemeldingar på arbeida har eg kontakta tre arkitektkontor. Arkitektane gav meg god tilbakemelding på arbeida, som fort vart plassert i eit skjeringspunkt mellom arkitektur og utsmykking
Description
Master i produktdesign