Kva er arbeid - Eigentleg? Cato Wadel og Sysselsettingsutvalet

Abstract
I 1977 blei «Hva er arbeid? Noen refleksjoner om arbeid som aktivitet og begrep» publisert
i volum 18 av Tidsskrift for samfunnsforskning. Artikkelen er ført i pennen av sosialantropologen Cato Wadel (f. 1936), og det er enkelt å forstå at teksten har fått status som ein klassikar. Mange av Wadel sine refleksjonar er både tankevekkande og samfunnsvitskapleg inspirerande, og det er tidvis vanskeleg å ta inn over seg at dette vart skrive for over 40 år sidan.
Det bør også nemnast at artikkelen vart inkludert som ein av 25 tekstar i Norsk sosiologisk
kanon i 2011 (Sosiolognytt, 2011), noko som sannsynlegvis kjem til å sementere klassikarstatusen ein gong for alle.
Artikkelen til Wadel (1977) er svært rikhaldig, og det er dessverre nødvendig med ei
nokså streng avgrensing. Denne kommentaren1
kjem derfor til å fokusere på dei delar av
teksten som er av størst relevans for dagens arbeids- og sosialpolitikk, med nøkkelord som
full sysselsetting og aktivisering. I eit forsøk på å gjere teksten enda meir dagsaktuell, vert
Wadel sine observasjonar nytta til å analysere Sysselsettingsutvalet sin rapport om Arbeid
og inntektssikring (NOU 2019: 7) som vart offentleggjort i mars 2019. Ei NOU er spesielt
veleigna til ei slik ‘aktualitetsanalyse’ sidan dei problemskildringar og anbefalingar som vert
framlagt der både vert debattert i offentlegheita, samt kan ende opp med å få viktige realpolitiske konsekvensar (til dømes i kraft av lovendringar eller reformer).
Nedanfor følgjer ei oppsummering av eit par hovudpoeng frå Wadel sin artikkel, etterfølgd av Stein Ringen (1979) sine kritiske merknadar. Deretter vert Sysselsettingsutvalet sin
rapport drøfta i ljos av Wadel sine observasjonar, før kommentaren vert avrunda med nokre
avsluttande refleksjonar.
Collections
Date
2020-02-04Author
Heggebø, Kristian