Autonomi og evidensbasert praksis
Abstract
Profesjonsaktørar er beslutningstakarar. Med grunnlag i utdanning og kompetanse er dei gitt rettar og pliktar innan definerte samfunnsområde til å utøve praksis og løyse problem av ulike slag. Dei er også viktige premisslevrandørar for andre beslutningstakarar. Profesjonalisering veks fram ved at eit kunnskapsfelt blir "kolonialisert" slik at ei kan etablere grenser mellom dei som kan det, og dei som ikkje kan det - mellom innvigde og uinnvigde (Berger and Luckman 1966). Kjernen i profesjonen er såleis kunnskap.