Omfang av felleselement i BSV-utdanningane - argumentasjon og konsekvens
Abstract
Målet med prosjektet var å følgje opp noko av det sentrale innhaldet i «Samspelsmeldinga» (nr. 13) – å samanlikne utdanningar og å utvikle meir kunnskap både om fagleg innhald og argumentasjon for og i mot, utdanningar med lite eller mykje felleselement og fagleg samarbeid. Vi la opp til at prosjektet i stor grad skulle byggje på eksisterande datamateriale, men supplere med utfyllande data der det var behov for det. Det overordna målet var å bringe fram kunnskap som kan styrke grunnlaget for å vurdere argument for eller mot separate eller meir felles utdanningar på dette området.