Estetikk i fotojournalistikk
Bachelor thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/20.500.12199/1083Utgivelsesdato
2017Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Til eit premiert bilete i Årets Bilde-konkurransen for 2015 skreiv juryen; ”Estetikk er viktig i fotojournalistikken for at vi skal kunne holde ut å se på verdens lidelser”. Dette sitatet sette i gang ein del tankar, spesielt knytt til om det er etisk riktig å syne menneske sin vanskelege livssituasjon gjennom estetiserande grep? Dette er store spørsmål som har følgt fotojournalistikken sidan den tidlege byrjing, og debatten er stadig pågåande. Tradisjonelt tyder omgrepet estetikk ”læra om det vakre”. Det er eit området i filosofien som undersøker grunnlaget og lovene for det skjønne i kunsten og naturen. Er det dermed sånn at estetikk i fotojournalistisk samanheng då er vakre bilete og lover om kva som er vakkert i bilete? Kunstkritikarar og filosofar ser på definisjonen som utdatert, då kunst ikkje naudsynleg kun handlar om det vakre, men også kan fremje andre kjensler. I det siste har det også komt nyare forsking på området, forsking basert på kognitiv psykologi i kombinasjon med nevro-vitskap. Oppgåva tek sikte på å få ei større forståing for kva estetikk tyder i fotojournalistisk samanheng. Ved å sjå på debatten om estetikk i fotojournalistikken og ved å sjå på utviklinga av estetikk-omgrepet, forsøker oppgåva å komme nærmare eit svar på kva estetikk er i fotojournalistisk samanheng.
Beskrivelse
Bachelor i Fotojournalistikk