Fysioterapipraksis for barn og unge med overvekt: Ein kvalitativ fokusgruppestudie av fysioterapeutar sine erfaringar
Peer reviewed, Journal article
Published version
Date
2023Metadata
Show full item recordCollections
Original version
Fysioterapeuten. 2023, 90 (5), 22-27.Abstract
Føremål: Føremålet med studien er å frambringe kunnskap
om kva som kjenneteiknar den profesjonelle fysioterapiprak-
sisen for barn og unge med overvekt.
Design, materiale og metode: To kvalitative fokusgruppein-
tervju med totalt sju fysioterapeutar. Det empiriske materialet
er analysert tematisk. Teoretisk er analysane inspirert av
omgrepet «det profesjonelle blikket», som i denne studien er
fysioterapiblikket.
Funn: Funna vert presentert som fire tema: 1) Vekt som
tilvisingsgrunn til fysioterapi, 2) Foreldredeltaking som del av
fysioterapitilbodet, 3) Overvekt og utfordrande familiesitua-
sjonar, og 4) Fysioterapi – ein praksis for gode kroppsopple-
vingar.
Funna viser at den profesjonelle praksisen til fysioterapeutar
som arbeider med barn og unge med overvekt vert kjen-
neteikna av at vekt har vorte ein direkte tilvisingsgrunn til
fysioterapi etter at helsesjukepleiarar i tråd med gjeldande
helsepolitikk målar og veg barn og unge. Foreldredeltaking
er ein del av fysioterapitilbodet, og fysioterapeutane erfarer
overvekt som ein del av utfordrande familiesituasjonar. Be-
vegelsesglede og eit godt forhold til eigen kropp er også eit
sentralt kjenneteikn ved den aktuelle fysioterapipraksisen.
Konklusjon: Vi argumenterer for at fysioterapeutar sin profe-
sjonelle praksis primært bør leggje vekt på at barna finn eigne
former for bevegelse og fysisk aktivitet som dei likar og kan
halde fram med, trass i overvekta si. Det vil kunne gje gode
helsegevinstar i ungdoms- og vaksenlivet.