Teaching English as a Foreign Language in the Multilingual Classroom
Abstract
This master’s thesis is about multilingualism in English teaching. There is an increasing number of multilingual pupils in the Norwegian school, something that provides diverse classrooms with different kinds of needs for facilitation than earlier when most of the students had Norwegian as their first language (L1). In Norway, all pupils have the right to adapted education and to be included in a learning community (Opplæringslova, 1998). Multilingual pupils who participated in English teaching in the Norwegian school may have English as their first language (L1), second language (L2), or third language (L3 or additional language). These students may have other needs than, for example, those students who have Norwegian as L1 and are learning English as L2. Therefore, I think it is important to gain insight into how English teachers can facilitate inclusive teaching in the multilingual English classroom. This micro ethnographic study is aiming to explore how six English teachers from three different parts of the country approach multilingualism in English teaching. My research question is as follows: How do Norwegian English teachers relate to multilingualism in the EFL classroom? This thesis has a qualitative research design, where I use semi-structured interviews as primary data. The participants come from six schools, half of which are located in the Oslo area, and the last three are in western Norway and in northern Norway. The thematic analysis shows some main findings… teachers seem to focus on multilingual students’ English proficiency, but it is difficult for them to name ways in which other languages can be a resource in English teaching as a result of these findings, the study shows that there is a need for a clearer awareness and more knowledge about how English teachers can use students’ first language in English teaching. Denne masteroppgåva handlar om fleirspråklegheit i Engelskundervisninga. Det er ei aukande mengd fleirspråklege elevar i den norske skulen, noko som gir mangfaldige klasserom med ulike slags behov for tilretteleiing enn slik det var tidlegare då dei aller fleste hadde norsk som sitt førstespråk (L1). I Noreg har alle elevar rett til tilpassa opplæring og å verte inkluderte i eit læringsfellesskap (Opplæringslova, 1998). Fleirspråklege elevar som deltek i engelskundervisning i den norske skulen kan ha engelsk som sitt førstespråk (L1), andrespråk (L2) eller tredjespråk (L3, ofte brukt om alle språk som blir lært etter tredjespråket). Desse elevane kan ha andre behov enn til dømes dei elevane som har norsk som L1 og lærer engelsk som L2. Difor synes eg det er viktig å få innsikt i korleis engelsklærarar vel å legge til rette for ei inkluderande undervisning i det fleirspråklege engelsk-klasserommet. Denne mikroetnografiske studien har hatt som mål å utforske korleis seks engelsklærarar frå tre ulike delar av landet stiller seg til fleirspråklegheit i engelskundervisninga. Problemstillinga mi er som fylgjande: How do Norwegian English-teachers relate to multilingualism in the EFL classroom? Denne oppgåva har eit kvalitativt forskingsdesign, der eg har nytta semistrukturerte intervju som primærdata. Deltakarane er fordelte på seks barne-og ungdomsskular, der halvparten av dei ligg i Osloområdet, og dei tre siste på Vestlandet og i Nord-Noreg. Den tematiske analysen syner nokre hovudfunn. Eit av hovudfunna er at lærarane ser ut til å fokusere meir på den engelske kompetansen til dei fleirspråklege elevane, men at det er vanskeleg for dei å skildre korleis andre språk kan vere ein ressurs i engelskundervisninga. Som ei fylgje av desse funna syner studien at det er behov for ei tydelegare bevisstgjering og meir kunnskap om korleis engelsklærarane kan nytte elevane sitt morsmål som ressurs i engelskundervisninga.