Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorSkaar, Håvard
dc.contributor.authorBjørnereim, Maria
dc.date.accessioned2022-10-19T08:30:09Z
dc.date.available2022-10-19T08:30:09Z
dc.date.issued2022
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3026957
dc.description.abstractDette masterprosjektet undersøker kva eit utval norsklærarar på ungdomsskulen legg i omgrepet kritisk tenking, og kva moglegheiter og utfordringar dei opplever i møte med dette oppdraget. Gjennom ein kvalitativ intervjustudie analyserast desse spørsmåla i lys av teori om kritisk tenking, særleg kritisk literacy, og relevant forsking på feltet. For å kunne ta utgangspunkt i noko konkret frå klasserommet, gjennomførte lærarane eit opplegg frå ressursen Tenk.no i førekant av samtalane. Funn frå studien viser at lærarane betraktar kritisk tenking som viktig og nødvendig i eit medborgarskap-perspektiv, og understrekar at den kritiske kompetansen særleg er viktig i eit samfunn som fløymer over av kjelder og informasjon. Læraranes bidrag gjev grunnlag for å diskutere korleis ein kan legge til rette for kritisk tenking på ungdomsskulen, særleg i norskfaget, men òg tverrfagleg. Utfordringar som vert peika på er mellom anna at det er utfordrande å få tid til alt elevane skal lære. Likevel fortel lærarane om moglegheiter for livsnære og relevante oppgåver som inkluderer den kritiske tenkinga i faga. Nokre dømer er debattar om aktuelle saker, prosjekt om konspirasjonsteoriar, språkkampanje og gaming. Læraranes skildringar av eigen praksis gjev også grunnlag for å diskutere kva rolle det digitale universet, og særleg digitale medium, bør spele i opplæringa. Ei anna utfordring som viste seg gjennom datainnsamlinga, er at den kritiske tenkinga på mange måtar føreset at elevane meistrar dei grunnleggjande ferdigheitene. Eit funn her er at elevar med norsk som andrespråk opplever språklege barrierar som hindrar dei i å øve den kritiske tenkinga. This master thesis explores how a selection of Norwegian subject teachers at secondary school defines critical thinking. Furthermore, what opportunities and challenges they experience. The study is conducted through a qualitative study, using interviews. Further, the questions are analysed based on theories and relevant research of critical thinking, with an emphasis on critical literacy. As a way to conceptualise findings from the classroom, the teachers from this study used a scheme from the resource «tenk.no» prior to the interviews. Teachers from this study, considers critical thinking as paramount and necessary within a co-citizenships perspective. Furthermore, the study accentuate the critical competence as important in a community with abundance of information and internet sources. The contributions from the participants establishes a foundation for a discussion of how we can facilitate for critical thinking at secondary school, both in the Norwegian subject and cross curricula. Alas, there is a challenge with prioritising critical thinking with everything the pupils aught to learn at school. According to the teachers, there is however, opportunities for life relevant assignments which encompasses the critical thinking in the subject. Such opportunities are debates of current stories, projects of conspiracy theories, language campaigns and gaming. The teachers depictions of their own practises grants for a foundation to discuss what role the digital universe ought to take part in the schooling. Evidently, a challenge was ascertained through the data collection. In order for the critical thinking, pupils should master the basic skills. This study discovered that pupils with Norwegian as a second language, experiences language barriers which inhibited them to practice their critical thinking.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherOsloMet - Storbyuniversiteteten_US
dc.subjectKritisk tenkingen_US
dc.subjectKritisk literacyen_US
dc.subjectDanningen_US
dc.subjectMedborgarskapen_US
dc.subjectKunnskapsløftet 2020en_US
dc.subjectLK20en_US
dc.titleKritisk tenking i norskfaget - Eit utval lærarar sine opplevingar av moglegheiter og utfordringaren_US
dc.title.alternativeCritical thinking in the Norwegian subject - A selection of teachers experiences of opportunities and challengesen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.versionpublishedVersionen_US
dc.source.pagenumber86en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel