Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorAndersen, Renate
dc.contributor.advisorGjølstad, Eli
dc.contributor.authorFrøyen, Anna Hesvik
dc.date.accessioned2022-08-16T09:21:22Z
dc.date.available2022-08-16T09:21:22Z
dc.date.issued2022
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3012046
dc.description.abstractI denne masteroppgåva har eg sett på korleis programmering kan støtte djupnelæring gjennom å vere ein del av ein skaparverkstad. Eg har òg sett på korleis dette kan vere eit tiltak for tilpassa opplæring for elevar med stort læringspotensiale. Masteroppgåva tek utgangspunkt i forskingsprosjektet ProSkap som utviklar undervisningsopplegg i realfag med programmering gjennom skaparverkstad. Gjennom forskingsprosjektet har elevar med stort læringspotensiale delteke på åtte ulike undervisningsøkter gjennom hausten 2021. Her har dei måtte gjennom å skape og programmere utforska ulike naturfaglege problemstillingar. Eg har tatt utganspunkt i ei undervisningsøkt der elevane har programmert ein micro:bit til å måle temperaturen av vatn i ein sjølvlaga termos. Med dette som utgangspunkt er problemstillinga: Korleis kan programmering som del av ein skaparverkstad støtte djupnelæring i naturfag, og korleis opplever elevar med stort læringspotensiale skaparverkstad som eit tiltak for tilpassa opplæring? For å svare på problemstillinga har eg brukt innsamla kvalitative data gjennom observasjon og intervju. Då djupnelæring er ein prosess, var det nødvendig å bruke observasjon og videoopptak for å studere denne prosessen nøyare. Vidare var eg interessert i elevane si oppleving av skaparverkstad som eit tiltak for tilpassa opplæring. Difor vart det òg gjennomført intervju av elevane for å få deira tankar og refleksjonar rundt opplevinga. Observasjonsdataa inneheld feltnotat og videoopptak frå undervisningsøktene som i etterkant er transkribert og analysert gjennom interaksjonsanalyse og tematisk analyse. Denne oppgåva tek òg utgangspunkt i tre intervju av elevar som er transkribert og analysert gjennom tematisk analyse. Eit av hovudfunna i denne oppgåva peikar på at gjennom å integrere programmering i fag og skaparverkstad kan ein sjå parallellar til djupnelæringsprosessen til Chin and Brown (2000) og prosessen med kunnskapsintegrasjon (KI) av Taub et al. (2015). Der ser vi eksempel på at elevane trekkjer linjer til daglegdagse situasjonar, brukar fagomgrep og reflekterer over det dei lærer. Undervisningssituasjonen elevane er i kan vi sjå i lys av den sosiokulturelle læringsprosessen der elevar lærer i samspel med andre elevar. Eit anna funn i oppgåva rettar seg mot tiltak for elevar med stort læringspotensiale. Oppgåva viser at programmering gjennom skaparverkstad i fag kan fungerer som eit tiltak for å tilpasse opplæringa gjennom «akselerasjon» og «berikelse» (Smedsrud & Skogen 2016). Gjennom å «akselerere» undervisninga, altså gjennomføre det dei skal lære i raskare tempo, viser elevane at dei meistrar å arbeide med kompetansemål som ligg tre til fire alderstrinn over dei. I tillegg viser funna at elevane synes det er spennande å få arbeide i djupna på eit tema og få utforske ulike tema gjennom tiltaket «berikelse» som handlar om å utvide og supplere fagstoffet dei skal lære. Desse funna er eit bidrag inn i debatten om kor viktig det er å tilpasse opplæringa for elevar med stort læringspotensial. Forsking viser at denne elevgruppa ikkje trivs i den norske skulen og at dette blant anna grunnar at dei får lite fagleg utfordring. Denne masteroppgåva gir eit eksempel på tiltak for tilpassa opplæring som kan fungerer for denne elevgruppa. Samstundes gir denne oppgåva eit praktisk eksempel på at djupnelæringsprosessen kan oppstå gjennom å kombinere programmering, skaping og fag. Både djupnelæring og programmering er sentrale omgrep i fagfornyinga LK20 som gjer denne oppgåva dagsaktuell i den norske skulekonteksten. Forsking på desse felta viser at det er fokus på både djupnelæring og programmering i skulen, men at det framleis trengs meir forsking på korleis undervisning med fokus på dette fungerer i praksis.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherOsloMet - Storbyuniversiteteten_US
dc.subjectDybdelæringen_US
dc.subjectProgrammeringen_US
dc.subjectSkaperverksteden_US
dc.subjectEleveren_US
dc.subjectStort læringspotensialeen_US
dc.titleSkaparverkstad som tilpassa opplæring for elevar med stort læringspotensiale: Djupnelæring gjennom programmeringen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.versionpublishedVersionen_US
dc.source.pagenumber86en_US
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Pedagogiske fag: 280::Spesialpedagogikk: 282en_US
dc.subject.nsiVDP::Teknologi: 500::Informasjons- og kommunikasjonsteknologi: 550::Datateknologi: 551en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel