Mottaking av nabolandslitteratur : ei undersøking av bokmeldingar av finsk litteratur i Noreg og norsk litteratur i Finland utgjeven i 2009
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/10642/944Utgivelsesdato
2011Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Undersøkinga analyserer 29 norske bokmeldingar av tre finske romanar og 26 finske bokmeldingar av tre norske romanar frå 2009. Formålet er å finne ut korleis litteraturen blir verdsett og forstått, kva meldarane grunngjev vurderingane sine med, om meldingane er grundige, om dei viser kunnskap om litteraturen i nabolandet og om dei avspeglar haldningar eller forventningar til nabolandet sin kultur og litteratur. Teoretisk bakgrunn er Per Thomas Andersen sine kriterium for vurdering av litterær kvalitet, og omgrepet forventningshorisont, slik det er utvikla av Hans Robert Jauss. Undersøkinga konkluderer med at bøkene blir godt mottekne i begge land. Dei norske meldingane er gjennomsnittleg noko lengre enn dei finske, medan dei finske meldingane jamt over er noko grundigare. Svært få meldarar gjev uttrykk for konkret kunnskap om litteraturen i nabolandet. Uttrykk for haldningar og forventningar til finsk litteratur og kultur er synleg i dei norske bokmeldingane, medan det i dei finske bokmeldingane er svært få uttrykk for haldningar til norsk litteratur og kultur. Ei årsak til skilnaden kan vere at dei tre finske bøkene tek opp tema som knyter seg til finsk historie, samfunn og sjølvforståing, medan dei tre norske bøkene har eit meir allment innhald.
Beskrivelse
Master i bibliotek- og informasjonsvitenskap
Utgiver
Høgskolen i Oslo. Avdeling for journalistikk, bibliotek- og informasjonsfagBeslektede innførsler
Viser innførsler beslektet ved tittel, forfatter og emneord.
-
Fragmentert tilgjengelighet: En undersøkelse av tilgjengeligheten til offentlig grå litteratur i bibliotek og på det åpne nettet.
Olsen, Siv-Guro (Master thesis, 2021)Denne masteroppgaven undersøker offentlig produsert grå litteratur sin tilgjengelighet i Norge. I oppgaven sammenligner jeg tilgjengeligheten til tre ulike kategorier av grå litteratur i bibliotekkatalogen Oria opp mot ... -
BOK SØKER LESER - Alders- og sjangerkategorisering av visuell litteratur: Prosesser, utfordringer og konsekvenser
Knutsen, Kjersti (Master thesis, 2022)min masteroppgave vil jeg kartlegge prosesser og synliggjøre utfordringer og konsekvenser med dagens kategorisering av visuell litteratur. Målet er å belyse problematikk i forhold til kategorisering av grenseoverskridende ... -
Hva vi snakker om når vi snakker om skjønnlitteratur: En narrativ stude av bibliotekansatte i universitets- og høgskolebibliotek
Sauvage, Eva (Master thesis, 2020)Denne masteravhandlingen utforsker fortellinger om skjønnlitteratur som bibliotekansatte snakker om ved ulike universitet og høgskoler i lys av danningsbegrepet som nå er aktualisert ved ny nasjonal bibliotekstrategi. Seks ...