dc.contributor.advisor | Greve, Anne | |
dc.contributor.advisor | Moe, Vegard Fusche | |
dc.contributor.author | Pedersen, Lillian | |
dc.date.accessioned | 2021-01-07T13:46:51Z | |
dc.date.available | 2021-01-07T13:46:51Z | |
dc.date.issued | 2020 | |
dc.identifier.isbn | 978-82-8364-262-9 | |
dc.identifier.isbn | 978-82-8364-274-2 | |
dc.identifier.issn | 2535-5414 | |
dc.identifier.uri | https://hdl.handle.net/10642/9297 | |
dc.description.abstract | Føremålet med denne artikkelbaserte avhandlinga er å undersøke kva som karakteriserer fem
år gamle barn sine bevegelsespraksisar på barnehagens leikeplass, og korleis barna i dei
leikande møta på leikeplassen kan utvide sine bevegelsespraksisar. Grunnen til å rette
merksemda mot dette, er at bevegelsesvanar tileigna i barneåra er vurdert å ha stor tyding for
barns forståing av eigne bevegelsesmoglegheiter og syn på seg sjølve. I tillegg går om lag
98% av alle norske barn i barnehage.
Uteleik er vurdert som vesentleg for barnehagebarns moglegheiter til bevegelse, og det
er eit prioritert område i barnehagane. Norske barnehagebarn brukar difor mykje tid ute, og då
spesielt på barnehagens leikeplass. Til tross for dette, er det få studiar som har studert barns
leik på leikeplassen og kva bevegelsespraksisar barna har moglegheit til å skape når dei er
der. I avhandlinga sin forskingsgjennomgang ser vi også at det å leike ute ikkje er einstydande
med at barna erfarer variert og utfordrande leik.
Studien som er presentert i denne avhandlinga brukar eit kroppsfenomenologisk
perspektiv som utgangspunkt, og bevegelse er difor vurdert som eit grunnleggande
menneskeleg behov og ei uttrykksform. Gjennom sitt forhold til verda er kroppen i ein
kontinuerleg skapingsprosess. Barna sine bevegelsar er kroppane deira sitt svar på
omgjevnadane sine krav og tilstandar, og dei er i stadig endring. Ein bevegelsespraksis veks
difor fram på bakgrunn av korleis barna erfarer seg sjølve, andre og omverda i eit gjensidig
forhold.
Studien er kvalitativ, og videoobservasjonar og feltnotat utgjer studien sitt empiriske
grunnlag. To barnehagar er med i utvalet, og observasjonane er retta mot åtte fem år gamle
barn, to jenter og to gutar i kvar av barnehagane, og deira leikekameratar. Studien sitt
overordna føremål er undersøkt gjennom tre forskingsspørsmål, og desse utgjer avhandlinga
sine tre artiklar.
Første artikkel er «Når barna møter leikeplassen – eit kjønnsperspektiv på barns
rørslemoglegheiter». Den undersøker kva som kjenneteiknar dei potensielle romma som blir
skapte i leik mellom fem år gamle jenter og gutar på barnehagens leikeplass, og kva
bevegelsesmoglegheiter dei fremjar. Resultata viser at innhaldet i dei potensielle romma kan
knytast til idrett, arbeid og familie, og at både jenter og gutar har stor fridom til å bestemme
kva innhald dei kan leike ut frå. Kva potensielt rom det enkelte barn skapar for seg sjølv, skil
seg likevel mellom jenter og gutar. Jenter verkar å skape potensielle rom for seg sjølve der dei
kan bevege seg med rolege bevegelsar, og at det verbale gjev leiken framdrift, medan gutane
verkar å skape potensielle rom for seg sjølve der dei kan bevege seg med intensive
bevegelsar, og at det er samspelet mellom kroppane deira som gir leiken framdrift.
Artikkel 2, «The moment of play and movement: A qualitative study of children´s
playful shared movements», undersøker kva som kjenneteiknar fem år gamle barn sine
leikande bevegelsesmøte på leikeplassen, og kva som skjer når dei erfarer tilsynelatande nye
og uventa bevegelsar i desse møta. Funna indikerer at barna i dei leikande bevegelsesmøta
brukar sine vanar til å skape kritiske no-augneblikk som introduserer noko nytt og uventa.
Desse no-augneblikka vert opna opp av fantasiar, forvandlingar og begeistring. I desse
augneblikka kan barna vere kreative og nysgjerrige, og moglegheiter til å utvide korleis dei
bruker eigen kropp og plassen kan bli skapte. Om no-augneblikka fører til kreativitet, vekst og
utvikling, verkar å vere avhengig av den kjenslemessige inntoninga mellom deltakarane i
bevegelsesleiken.
I artikkel 3, «Barna møter mobilt materiale i bevegelsesleik» undersøker eg korleis
mobilt materiale blir brukt i bevegelsesleik på barnehagens leikeplass, og kva moglegheiter til
deltaking dette gir fem år gamle barn. Funna viser at innhaldet i bevegelsesleiken vart bestemt
av nokre barn og kva fantasiverd dei skapte leikeplassen om til. Desse fantasiverdene var
innhaldsmessig og sosialt relativt like frå dag til dag, og verka difor bestemmande for barna
sine forventingar, for kva bevegelsesleik som vart skapt og for kven som kunne delta. Barn
eller personale som brukte materialet på nye måtar eller som brukte nytt materiale endra dette.
Balansen mellom personalet si involvering og barna sin fridom og autnomi verka spesielt
viktig for at mobilt materiale skulle gi barna moglegheiter til å erfare bevegelsesleik.
Gjennom desse tre artiklane og kappeteksten får vi innsikt i kva som karakteriserer
barnehagebarn sin leik og bevegelsesmoglegheiter på leikeplassen. Denne kunnskapen er
verdifull for at leikeplassen og uteleiken kan bli meir implementert i barnehagepedagogikken,
og for å utvikle innsikt i barnehagen som kontekst for barns skaping av bevegelsesvanar og
syn på seg sjølve. Gitt all tida norske barn brukar på barnehagen sin leikeplass, opnar
avhandlinga opp døra til eit felt det trengs meir forsking på, både frå eit barneperspektiv, der
varierte metodiske tilnærmingar bør bli nytta, og frå eit personalperspektiv. | en |
dc.description.abstract | The aim of this article-based thesis is to investigate what characterizes five-year-old
children’s movement practices on the preschool playground, and which conditions for
expansion of movement are created in children’s playful meetings on the playground. The
reason for drawing attention to this, is that movement habits that develop in childhood are
considered to have great significance for children’s understanding of their own movement
possibilities and views of themselves. In addition, approximately 98% of all Norwegian
children attend preschool.
Outdoor play is considered important for preschool aged children’s opportunities for
movement, and it is a priority area in the preschools. Norwegian children spend much time
outdoors, and especially in the preschool playground. Despite this, there are few studies that
have investigated children’s play on the preschool playground and what movement practices
they can create when they are there. The thesis’ literature review also indicates that to play
outdoors does not necessarily mean that the children can experience varied and challenging
play.
The study presented in this thesis is based on a body phenomenological perspective,
and movement is considered a fundamental human need and a means of expression. Through
its relationship with the world, the body is in a continuous process of creation, and the
children’s movements are their bodies’ answers to the environment’s requirements and
conditions, and they are dynamic. Therefore, a movement practice develops on the basis of
how humans experience themselves, others and the world in a mutual relationship.
The study is qualitative, and video observations and fieldnotes constitute the empirical
material. In the selection, two preschools are included, and the observations focus on eight
five-year old children, two boys and two girls in each of the preschools, and their playmates.
The aim of the study is investigated through three research questions, and these are
illuminated in the articles.
The first article, “When Children Meet the Playground – A Gender Perspective on
Children’s Movement Opportunities”, investigates what characterizes the potential spaces that
are created in play between five-year-old girls and boys on the preschool playground, and
what movement opportunities they create. The findings indicate that the content of the
potential spaces is related to sport, work and family, and that both girls and boys have great
freedom to decide what content they can play from. However, which potential spaces the
individual child can create for itself differ between girls and boys. Girls seem to create
potential spaces for themselves that make them move with calm movements and it is the
verbal language that creates the progress in the play. The boys, on the other hand, seem to
create potential spaces for themselves that make them move with intensive movements and it
is the interaction between their bodies that creates the progress in the play.
Article 2, “The moment of play and movement: A qualitative study of children’s
playful shared movements”, investigates children’s playful shared movements on the
preschool playground and what characterizes their doings when they perform apparently new
and unexpected movements in these meetings. The findings indicate that children in their
playful movement interactions use their habits to create critical now moments that introduce
something new and unexpected. These now moments are opened up by imaginings,
transformations, and excitement. In these moments, children can be creative and curious,
leading to opportunities to experience growth in how they use their body and the place.
Whether now moments led to creativity, growth and development, seemed to depend on the
emotional attunement between the participants.
In article 3, “The children meet moveable parts in movement play”, I investigate
children´s movement play with moveable parts, and what opportunities this offers five-year
old children to participation. The findings indicate that the content of movement play with
moveable parts seems to be decided by some of the children and what ‘world’ they recreate
the playground into. These “worlds” were more or less similar from day to day both with
regard to content and socially. Children or preschool staff that used the material in new ways
or used new material inspired others to create new “worlds’. The balance between preschool
staff´s involvement and children´s freedom and autonomy seemed to be particularly important
for the inclusion of children in movement play.
The thesis gives insight into what characterizes children’s play and movement
opportunities on the preschool playground. This knowledge is valuable for the increased
implementation of the playground and outdoor play in preschool pedagogy. In addition, it can
develop insight into the preschool as a context for children’s creation of movement habits and
views of themselves. Given all the time Norwegian children use in the preschool playground,
this thesis opens up a field that is in need for further research, both from the perspective of the
children, where different methodological approaches should be used, and from the perspective
of the preschool staff. | en |
dc.language.iso | nn | en |
dc.publisher | OsloMet - Storbyuniversitetet | en |
dc.relation.ispartofseries | OsloMet Avhandling 2020;Nr 22 | |
dc.rights | Attribution-ShareAlike 3.0 United States | en |
dc.rights.uri | http://creativecommons.org/licenses/by-sa/3.0/us/ | * |
dc.subject | VDP::Samfunnsvitenskap: 200::Pedagogiske fag: 280 | en |
dc.subject | VDP::Samfunnsvitenskap: 200::Samfunnsvitenskapelige idrettsfag: 330 | en |
dc.subject | Barn | en |
dc.subject | Bevegelsespraksisar | en |
dc.subject | Leik | en |
dc.subject | Bevegelsesvanar | en |
dc.subject | Barnehagar | en |
dc.subject | Barnehagepedagogikk | en |
dc.title | Kjensla av leikeplassen. Ei kvalitativ undersøking av fem år gamle barn sine bevegelsespraksisar i barnehagen | en |
dc.type | Doctoral thesis | en |
dc.type | Peer reviewed | en |
dc.description.version | publishedVersion | en |