Teikning: hand og tanke. : ei undersøking av teikneundervisninga på faglærarutdanninga
Abstract
Denne masteroppgåva har teikneundervisninga på den treårige faglærarutdanninga i formgiving,
kunst og handverk som fokus. Målet med oppgåva er å bidra med refleksjon som kan ligge til grunn
for å styrke studentar sin faglæraridentitet. Med utgangspunkt i ein fagdidaktikkdefinisjon av
Ongstad (2004), er oppgåva dela inn i to hovuddelar. I fyrste del blir det sett på korleis praksis er,
der det blir utarbeida ein karakteristikk av det teiknefaglege- og fagdidaktiske innhaldet i
undervisninga. Andre del tek for seg korleis teikneundervisninga kan vere, med tanke på styrking av
framtidige studentar sin faglæraridentitet. Denne todelinga dannar også utgangspunktet for
problemformuleringa:
Med teikneundervisninga på faglærarutdanninga som avgrensing:
kva karakteriserer det teiknefagleg- og fagdidaktiske innhaldet i undervisninga og kva kan denne
karakteristikken bidra med som grunnlag for å styrke studentar sin faglæraridentitet?
Som verktøy til å gripe om både er og kan delen av oppgåva, blir Wenger (1998) sin læringsteori
om praksisfellesskap teke i bruk, der ei særskild vekt har ligge på korleis arbeid med engasjement,
forestilling og tilpassing verkar inn på korleis identitet konstrueras og utviklas. For å svare på
problemformuleringa har metoden gruppeintervju blitt teke i bruk, der utvalet har vore
tredejårsstudentar og lærarar som underviser i teikning ved faglærarutdanninga i formgiving, kunst
og handverk. Karakteristikken som er konstruert med bakgrunn i intervjumaterialet, dannar
utgangspunktet for refleksjon over styrking av studentar sin faglæraridentitet. I denne delen av
oppgåva blir fagdidaktikkens kva- (innhald og mål) og kvifor (grunngjevingar) problematisert. I
tillegg blir det fokusert på korleis dei to repertoara observasjon- og forestillingsteikning er to
teiknemåtar som styrkar og utfyller kvarandre. This master thesis focuses on the drawing-lectures in the Teacher Training of Design, Art and
Crafts. The aim is to contribute with reflections that can help strengthen the students' teacheridentity.
Based on a definition of didactics (Ongstad 2004), this thesis is divided into two main
parts. The first part seeks to unfold the current practice, through looking for characteristics in the
drawing-lectures and the didactic content. The second part deals with the future, asking for possible
improvements that can strengthen students´ teacher-identity. This dichotomy is also the basis for the
research question:
With drawing-lectures in the Teacher Training in Design, Art and Crafts as point of departure:
what characterizes the content of drawing and didactics in the lectures, and how can these
characteristics work as a basis to strengthen students' teacher-identity?
As a tool to intervene both current status and possible improvements, the theory of communities of
practice has been used (Wenger 1998). With special emphasis on modes of belonging and how
engagement, imagination and alignment contribute on how to develop and construct identity.
To answer the research questions, group-interview has been used. Both third-year students and
teachers have been interviewed. Wengers´ theoretical base, along with results from the empirical
study, forms the starting point for the construction and discussion. The last part of the thesis focuses
on how there is two main drawing-repertoires: observation and imagination, and how they
complement each other. In addition, it focuses on how students´ teacher-identity can be
strengthened trough discussing the content and goals of the drawing-lectures, and reflection on why
drawing is applicable and relevant today.
Description
Master i formgiving, kunst og håndverk