Garborg, Uppdal og revolusjonen
Journal article, Peer reviewed
Published version
View/ Open
Date
2017Metadata
Show full item recordCollections
Original version
Krøvel RG. Garborg, Uppdal og revolusjonen . Mediehistorisk tidsskrift. 2017:58-75Abstract
I siste halvdelen av det 19. hundreåret vaks det fram
ei revolusjonær arbeidarrørsle i Norge. Den har vore
grundig diskutert og studert frå mange vinklar. Men
om lag samstundes fanst det eit litt anna revolusjo
-
nært miljø samansett mest av bønder og bonde
-
studentar som på ulike vis var knytte til målrørsla og
skreiv i målblada. Dei mest kjende representantane for
dette miljøet er kanskje Arne Garborg, Ivar «Matlaus»
Mortensson-Egnund og Rasmus Steinsvik. Desse
tre stod mellom anna bak
avisa
Fedraheimen
, som ein
periode rundt 1890 kalla
seg «anarkistisk-kommu
-
nistisk organ». Til denne
kretsen bør me også
rekne Kristofer Uppdal og
Hulda Garborg, som er dei
to mest interessante med
tanke på norsk presse
-
dekning av den russiske revolusjonen.
1
Dei to var
kanskje ikkje å rekne som «anarkistar», sjølv om Hulda
Garborg stundom kalla seg sjølv «nihilist». Likevel var
dei djupt påverka av den radikale fridomstradisjonen
som gjennom Arne Garborg, Ivar Mortensson-Egnund
og Rasmus Steinsvik strøymde frå delar av bonde- og
landsmålsrørsla.
Det er i norsk samanheng skrive atskilleg mindre
om dette straumdraget enn om andre delar av den
revolusjonære rørsla. Men eg trur at kunnskap om kva
dei i samtida tenkte om den russiske revolusjonen,
kan kaste lys over norske reaksjonar på «revolusjon»
og revolusjonære organisasjonar både i åra etter den
russiske revolusjonen og seinare.
I denne artikkelen er eg særskilt interessert i å for
-
stå korleis dei reagerte på den russiske revolusjonen
i lys av denne særeigne, revolusjonære tradisjonen.