Å stole på andre - Ei kvantitativ studie av sosial tillit
Master thesis
Accepted version
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/10642/5361Utgivelsesdato
2017Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Innleiing: Oppgåva undersøker korleis ulike demografiske variablar kan ha samanheng med sosial tillit, og analyserer desse tilhøva i lys av teoriar om sosial kapital.
Metode: Utvalet besto av 1435 respondentar i Norge. Data vart skaffa frå European Social Survey, sjuande runde. Ulike demografiske variablar vart brukt som uavhengige variablar for å måle innverknad på sosial tillit. Deskriptive metodar som frekvensfordeling og korrelasjonstest vart brukt for å beskrive kjenneteikn ved utvalet. Lineær regresjonsanalyse vart brukt for å vurdere samanhengen mellom sosial tillit og dei uavhengige variablane.
Resultat: Utdanningsnivå og alder hadde sterkast samanheng med sosial tillit. Di eldre ein er, og di høgare utdanning ein har, dess høgare tillit. Kjønn og inntektskjelde hadde ikkje samanheng med sosial tillit. Dei øvrige variablane var signifikante, men samanhengen var relativt svak.
Drøfting: Modellane forklarte mindre av variasjonen enn forventa. Det kan tyde på det er andre variablar som ikkje er inkludert i denne studia som er viktigare for å predikere innverknad på sosial tillit. Oppgåva tek også føre seg metodologiske begrensingar og implikasjonar for sosialt arbeid, og drøfter tillitsomgrepet opp mot sosialt arbeid.
Beskrivelse
Master i sosialfag