Frilyndte bondeanarkistar og puritansk reaksjon
Journal article, Peer reviewed
Published version
View/ Open
Date
2015-12-15Metadata
Show full item recordCollections
Abstract
I denne artikkelen set eg søkjelys på ein litt annleis religiøs minoritet: Ei gruppe fritenkjarar, bondeanarkistar, for ein stor del ateistar, i bygda Volda på 1880-talet. Desse kvinnene og mennene var inspirerte av nye tankar i vitskap, kunst og kultur, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt, og utfordra kyrkje og embetsmenn i lokalt styre og stell. Med avisa Vestmannen laga dei seg ei plattform for kritisk diskusjon om vitskap, religion, litteratur, målsak, skule og utdanning, men også for anti-kapitalisme og internasjonal solidaritet. Det er ikkje til å undrast over at puritanske og konservative krefter mobiliserte til motstand, gjennom brev til bladstyret, kritikk på offentlege møter, disiplinering gjennom sosialt stigma og ved å motverke at «dei frilynde» fekk ledige postar på skulane i distriktet. Artikkelen byggjer på ein fullstendig gjennomgang av alle artiklar publisert i Vestmannen frå 1987 til 1889, i tillegg til andre tekstar som Anders Hovden, Anders Vassbotn, Rasmus Steinsvik og Ola Rotevatn fekk publisert i Fedraheimen, Den 17de Mai og enkelte stader elles. Eg vil bruke dømer frå Vestmannen til å presentere striden, men ynskjer også å knyte døma til litteratur som dei på den tida las på målskulen i Volda, og som dei refererte til i avisene. Denne litteraturen kan dermed gjere det enklare for oss i vår tid å forstå tenkemåten deira. Linjene her går til Arne Garborg, Peter Kropotkin, Leo Tolstoy, Karl Marx, Friedrich Nietzsche og Albert Parsons. Ved fyrste augekast kan det sjå ut som dei frilynte tapte striden då Synnøve Riste døde i 1889, og Rasmus Steinsvik og P.M. Giærder stakk frå bygda, men ei nærare analyse viser at mange av tankane og ideane slo igjennom med stor kraft i løpet av få år.