Hardangersaum - læring i ein handverkstradisjon
Master thesis
Åpne
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/10642/3354Utgivelsesdato
2016Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Denne masteravhandlinga tar for seg den tradisjonelle handverksteknikken hardangersaum. Hensikta med avhandlinga er å setje eit større fokus på kunnskapen som ligg i utføringa av eit handverk og korleis ein lærer ein tradisjonell handverksteknikk.
Problemstillinga som danne grunnlag for undersøkinga og drøftinga er:
Kva for faktorar vert lagt vekt på når ein skal lære seg den tradisjonelle handverks-teknikken hardangersaum?
Metoden eg har brukt for å belyse problemstillinga er at eg har tatt utgangspunkt i meg sjølv som ‘forsøkskanin’. Eg har sjølv lært meg hardangersaum gjennom forskjellege kjelder til læring. Drøftingar og refleksjonar gjort i avhandlinga er knyta til mine opplevingar av å lære meg handverket. I tillegg har fire informantar som syr hardangersam deltatt i intervjusamtalar, der dei har fortald om sine erfaringar kring å lære hardangersaum. I desse samtalane kom det fram ei rekkje faktorar som har vore viktige då dei lærde seg handverket, og faktorar som dei peikar på som viktige når ein skal lære hardangersaum. Gjennom denne metoden har eg avdekka nokon sentrale faktorar for læring av handverket.
Teoriar av Etienne Wenger om praksisfellesskap og Molanders teori om kunnskap i handling, vert trekt fram i oppgåva der kvalitativ metode, eige praktisk arbeid og refleksjon står sentralt. Undersøkinga i denne avhandlinga understrekar at læring skjer mellom individ og er kunnskap som utviklast i fellesskap med andre. Det er eit resultat av å sjå, observere og gjere. Vidare funn indikerer fleire sentrale faktorar når ein skal lære hardangersaum som handlar om tilgang, interesse, motivasjon, idealisme, skaparglede og ein tanke om vidareføring av handverket. Omgrep som immateriell kunnskap og handlingsboren kunnskap vert teke opp i drøftinga av korleis kunnskap ligg i handlinga og utføringa av handverket.
Masteravhandlinga har i tillegg ein praktisk-estetisk tilnærming der eg gjennom prosjektet har arbeide med eige praktisk-estetisk arbeid. Sidan eg tek utgangspunkt i å læra meg hardangersaum, er det naturleg at eg har fokus på dette. This is a thesis about the Norwegian traditional craft technique hardanger embroidery. The main purpose of the thesis is to put focus on the knowledge behind the craft and how one can be taught a traditional crafts technique.
The issue that needed to be answered is:
What are the key factors of learning the traditional crafts technique hardanger embroidery?
To answer this question, I have used myself as a test subject. Through different sources of learning, I have attained the knowledge required to consider myself an intermediate at hardanger embroidery. The discussions and reflections of this thesis are therefore tightly linked to my own experience of the learning procedure. In addition, I have held interviews with four informants. They have given information on how they got into learning the craft, and put forward what they considered the most important factors of learning hardanger embroidery. Through this method, I have revealed several key factors of learning the craft of hardanger embroidery.
Etienne Wengers theory on communities of practice and Molanders theory of knowledge in practice is highlighted in this thesis. Qualitative methodology, my own practices and reflections are of central importance. The results of these experiments determine that key factors involve that learning happens in the meeting of individuals and that the knowledge is developed in community with others. It is a result of watching, observing and doing. In addition, it was evident that access to skillful people, personal interest and motivation, idealism, eagerness and a notion of continuation of the craft is also very important in the learning process.
Because part of the goal in this thesis is to learn the craft of hardanger embroidery, it is natural that there is also a focus on my own practical-aestethic work.
Beskrivelse
Master i estetiske fag