Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSteinnes, Gerd Sylvi
dc.date.accessioned2016-01-13T11:22:14Z
dc.date.available2016-01-13T11:22:14Z
dc.date.issued2014
dc.identifier.isbn978-82-93208-75-4
dc.identifier.issn1893-0476
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/10642/2921
dc.description.abstractDenne avhandlinga handlar om førskulelærarar si meistring av rolla i lys av kvalifiseringa til yrket og samarbeidet med assistentane. Førskulelærarane arbeider i eit felt som er statleg regulert, men der mange av arbeidsoppgåvene liknar på oppgåver som vert gjennomført i dei fleste heimar med barn. Skiljet mellom det profesjonelle og det private kan difor vere uklart. Etter ein periode med sterk ekspansjon har barnehagen blitt ein sentral del av velferdsstaten, og både innhald og organisering har relevans for stadig fleire familiar. Lenge har det politiske fokuset vore retta mot kvantitet og utbygging, meir enn på kvalitet. Per i dag manglar det omlag 4000 førskulelærarar for å stette krava i Lov om barnehagar. Førskulelærarane utgjer ein tredel av personalet, medan fleirtalet av dei tilsette er assistentar, mange av dei utan barnehagefagleg utdanning. I seinare tid har innhald og kvalitet vorte framheva, og høg pedagogisk kvalitet vert relatert til eit kompetent personale. Både arbeidet sin karakter og samansetjinga av personalet kan representere eit press mot profesjonen. Det aktualiserer forsking på korleis førskulelærarane forstår og meistrar den profesjonelle rolla, og kva vilkår dei møter for profesjonell utvikling. Formålet med studien har vore å utvikle kunnskap om førskulelærarane si profesjonelle utvikling, og forståing for kva utfordringar dei møter i profesjonaliseringsprosessen. Tidlegare studiar har i avgrensa grad undersøkt tilhøvet mellom førskulelærarar og assistentar empirisk. Gjennom surveyundersøkinga FluData har avhandlinga hatt tilgang til data frå eit stort tal assistentar og førskulelærarar i norske barnehagar. Dette gir innsikt i korleis dei ulike yrkesgruppene vurderer eigen, og kvarandre sin, kompetanse. Intervju av førskulelærarstudentar i siste semester av utdanninga, gir data om endringar i kunnskapsbasen gjennom utdanninga. Problemstillinga for avhandlinga er: Korleis meistrar førskulelærarane rolla i lys av kvalifiseringa til yrket og samarbeidet med assistentane? Avhandlinga består av eit innleiande essay og fire artiklar. Avhandlinga er inspirert av perspektiv frå sosiokulturell teori, profesjonsteori og rammefaktorteori. Profesjonsteorien gir innsikt i kva vilkår som er sentrale i profesjonaliseringsprosessen for at profesjonen skal oppnå jurisdiksjon og legitimitet. Perspektiv frå sosiokulturell teori handlar i denne samanhengen primært om kunnskapsutvikling i utdanning og yrke. Rammefaktorteori er nytta for å vise korleis ulike vilkår heng saman, og dannar ei overordna ramme for å forstå førskulelærarane si meistring og profesjonelle utvikling. I det ligg det ei forståing av at ulike teoretiske perspektiv kan finne sin plass innanfor denne ramma. Den første artikkelen har tittelen Frå utdanning til yrke. Førskulelæraren som profesjonell aktør? Det empiriske grunnlaget for artikkelen bygger på tre informasjonskjelder; StudData, FluData og intervju med nyutdanna førskulelærarar. Intervjumateralet som er nytta her, er henta frå eit tidlegare arbeid (Steinnes, 2007). Med utgangspunkt i utfordringar knytt til det som vert definert som eit lekmannspreg i barnehagen, drøftar artikkelen ulike tilhøve som pregar førskulelæraren sitt møte med yrket og vilkår for profesjonell utvikling. Slike vilkår relaterer seg mellom anna til tradisjon og strukturelle tilhøve i barnehagen, og ein horisontal diskurs, der allmennkunnskap står sterkt. Tilhøvet mellom teoretisk og praktisk kunnskap kan representere ei utfordring for førskulelæraren si mestring av rolla. Eit sentralt spørsmål er om den teoretiske delen av førskulelæraren sin kunnskapsbase har tilstrekkelege vilkår for utvikling, eller om denne vert gjort usynleg i møtet med ein praksisnær kultur. Som del av dette er det undersøkt og drøfta kva førskulelærarar i ulike fasar av yrkeslivet opplever som sentrale kompetanseområde i yrket. FluData viser at sjølv om verdsetjing av fagkunnskap aukar i takt med erfaring frå yrket, vurderer førskulelærarar i alle fasar av yrkeslivet fagkunnskap lågare enn personlege evner og verdiar og haldningar. Berre praktiske ferdigheiter vert rangert lågare. Vilkår som vidare er tematiserte, er korleis nyutdanna førskulelærarar opplever møtet med yrket, og i kva grad dei opplever å få tilgang til fagleg oppdatering i arbeidet. Dei nyutdanna førskulelærarane rapporterte gjennom intervjua om ei oppleving av manglande samsvar mellom innhaldet i arbeidet, og forventningar om kva utdanninga hadde kvalifisert dei for. I tillegg opplevde dei i liten grad systematisk introduksjon til yrket. Både StudData og FluData stadfestar ei oppfatning av at systematisk rettleiing og opplæring er mangelfullt i barnehagen. Artikkel to, Common sense or professional qualifications? Division of labor in kindergarten, studerer arbeidsdelinga mellom førskulelærarar og assistentar i norske barnehagar, og drøftar dei to gruppene sine oppfatningar av kva som er viktig kunnskap for å utføre ulike pedagogiske oppgåver. Det empiriske grunnlaget for artikkelen er analysar av FluData. Analysane viser at førskulelærarar og assistentar utfører om lag like mykje praktisk arbeid som ikkje involverer borna, medan førskulelærarane nyttar meir tid på administrasjon enn assistentane. Det inneber at assistentane er mest til stades i det daglege arbeidet med borna. Materialet viser at det er marginale skilje i arbeidsoppgåvene mellom dei to gruppene, og i korleis dei opplever seg kvalifiserte for arbeidet. Eit aktuelt spørsmål er om kulturen i barnehagen er mindre dominert av førskulelærarane sine formelle kvalifikasjonar, og desto meir prega av allmennkunnskap og populære oppfatningar av kva som er sentralt i oppseding av barn. Artikkelen presenterer to ulike scenario for i kva grad førskulelæraren får gjennomslag for profesjonell kunnskap. Det første handlar om at førskulelæraren entrar barnehagefeltet med tiltru til eigen kunnskapsbase og at denne kunnskapen vert verdsett i feltet. Alternativt kan førskulelæraren tilpasse seg ein ikkje-akademisk kultur for å unngå motstand blant assistentane. Ei sentral utfordring for førskulelæraren, er at kunnskapsbasen har mange fellestrekk med allmennkunnskap om barn. I tillegg er barnehagen prega av ein likskapskultur, der skilnader i kompetanse vert tilslørt meir enn framheva. Artikkelen konkluderer med at den profesjonelle kunnskapen likevel til ei viss grad vert verdsett. Det kjem til uttrykk gjennom at verdsetjing av fagkunnskap stig i takt med erfaring frå arbeid i barnehagen, slik det vart presentert i artikkel ein. Den tredje artikkelen, Frå assistent til nyutdanna førskulelærar, har studert studentar med og utan lang erfaring som assistent før dei tok til i førskulelærarutdanninga. Det empiriske grunnlaget er individuelle intervju og fokusgruppeintervju av studentar i siste semester av si førskulelærarutdanning på deltid. Utgangspunktet for artikkelen var om studentar med lang erfaring som assistent før utdanninga, oppfattar målet med å ta utdanning primært som kvalifiserande eller sertifiserande. Den siste tilnærminga indikerer at erfaringane frå arbeidet som assistent i seg sjølv har utstyrt studentane med den nødvendige kompetansen for arbeidet som førskulelærar, men at utdanninga er eit nødvendig virkemiddel for å tilfredsstille formelle krav. Artikkelen har samanlikna korleis informantane har opplevd verdien av utdanninga, og innhaldet i denne, og drøftar korleis både utdanning og yrkeslivet kan vere verdifulle arenaer for læring. Å studere korleis studentane opplever endringar i den profesjonelle kunnskapsbasen, gir perspektiv på verdien av formell utdanning for rolla som førskulelærar. Begge grupper rapporterer om at dei har lært mykje gjennom utdanninga. Studien konkluderer med at samanlikna med studentar utan lang erfaring frå arbeid i barnehage før utdanninga, har dei erfarne meir kontekstuell kunnskap som kan gi støtte til meiningsskaping relatert til innhaldet i utdanninga. Omfattande praksiserfaringar viser seg nyttige som grunnlag for å ta opp i seg innhaldet i utdanninga. Dette kjem til uttrykk gjennom korleis dei erfarne er i stand til å setje ord på tileigna kunnskap og kva som skil denne frå kunnskapen dei hadde før utdanninga. Studien viser også at den profesjonelle kunnskapsbasen dei tidlegare assistentane har tileigna seg gjennom utdanninga, gjer dei i stand til å reflektere over pedagogiske spørsmål på ein annan måte enn tidlegare. Medvitet om korleis denne kunnskapen er viktig og relevant for det pedagogiske arbeidet i barnehagen, kan vere viktig for å oppnå legitimitet og anerkjenning i yrket. Den siste artikkelen, Consequences of staff composition in Norwegian kindergarten, studerer samansetjinga av personalet, kompetanse og arbeidsdeling i barnehagen i lys av eit rammefaktorperspektiv, og bygger på analysar av FluData. Hovudspørsmåla som er drøfta er korleis samansetjinga av personalet og den formelle kompetansen påverkar arbeidsdelinga, og korleis den eksisterande praksisen kan forklarast. Den rammefaktorteoretiske tilnærminga (Dahllöf, 1967; Lundgren, 1984) løftar fram ei forklaringsramme som ser arbeidsdelinga i barnehagen i samanheng med fleire tilhøve. Artikkelen drøftar korleis arbeidsdelinga i barnehagen er prega av barnehagen sin tradisjon og rådande ideal, av strukturelle tilhøve, og av utfordringar knytt til kompetanse i personalgruppa. Innanfor rammefaktortenkinga er den individuelle kompetansen sentral i det som kan definerast som førskulelæraren sitt handlingsrom. Ei forklaring på arbeidsdelinga er at førskulelæraren manglar legitimitet i den profesjonelle rolla og at den profesjonelle kompetansen ikkje har sterk nok gjennomslagskraft. Det kan såleis vere at utdanninga ikkje har tilført den nødvendige kompetansen. Manglande legitimitet kan også botne i at førskulelæraren manglar den individuelle personlege styrken i møtet med ei personalgruppe som har overvekt av ufaglærte. Det empiriske materialet gir ikkje grunnlag for å trekke klare konklusjonar om kva som er den sterkaste faktoren. Konklusjonen i artikkelen er difor at det ikkje vil vere tilstrekkeleg å studere berre ein faktor om ein skal forstå og endre eksisterande praksis. Skal grunnleggande endring skje, må det gjerast tiltak både i utdanninga og i barnehagen som organisasjon. Avhandlinga konkluderer med at barnehagen er prega av lite differensiert arbeidsdeling mellom førskulelærarar og assistentar. Dette, kombinert med korleis dei ulike gruppene vurderer eigen og kvarandre sin kompetanse, bidreg til manglande synleggjering av førskulelæraren sitt særskilde kunnskapsgrunnlag. Avhandlinga har likevel identifisert nokre arbeidsoppgåver der førskulelærarane ser ut til å ha eit tilnærma monopol på ansvar. Utfordringa er at desse er tidsmessig marginale aktivitetar og at symbolverdien difor er avgrensa. Det er vanskeleg å sjå konturar av ein sterk, fagleg kunnskapsbase blant førskulelærarane når vi analyserer surveydata. Intervjumaterialet viser likevel at utdanninga har gitt utvida teoretisk forståing som grunnlag for refleksjon over praksis. Denne kunnskapen er lite synleg for andre og må difor artikulerast for at andre skal få innsyn i den. Dersom førskulelærarane underkommuniserer eigen kunnskap og vurderer assistentane som like kompetente som dei sjølve, undergrev dei sin eigen posisjon. Førskulelærarane må difor sjølve ta ansvar for profesjonen. Avhandlinga konkluderer med at førskulelærarane sin profesjonalitet står under press ved at dei på den eine sida skal vere garantistar for kvalitet i barnehagetilbodet, og som del av dette må bidra til å styrke assistentane sin kompetanse, samtidig som dei i eit profesjonsperspektiv må verne om profesjonen sine grenser om dei skal lukkast med å styrke førskulelærarane sin status. Dette presset vert aktualisert gjennom samansetjinga av personalet og barnehagen si heilskaplege organisering, der omsorg og læring er integrerte prosessar. Det er også eit resultat av ein overordna diskurs om kva som er viktig kompetanse for å gjere ein god jobb i barnehagen, representert gjennom kva Lov om barnehagar definerer som nødvendige profesjonelle kvalifikasjonar for arbeidet.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskolen i Oslo og Akershusen_US
dc.relation.ispartofseriesSkriftserien avhandling;(2)
dc.subjectFørskolelærereen_US
dc.subjectVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Pedagogiske fag: 280en_US
dc.subjectBarnehageen_US
dc.subjectProfesjonell utviklingen_US
dc.titleProfesjonalitet under press? Ein studie av førskulelærarar si meistring av rolla i lys av kvalifiseringa til yrket og arbeidsdelinga med assistentaneen_US
dc.typePeer revieweden_US
dc.typeDoctoral thesisen_US
dc.description.versionCC-BY-SAen_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel