Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorPettersen, Karen-Sofie
dc.contributor.authorKvålseth, Elise Hunnes
dc.date.accessioned2015-10-14T13:26:36Z
dc.date.available2015-10-14T13:26:36Z
dc.date.issued2015
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/10642/2769
dc.descriptionMaster i sosialt arbeiden_US
dc.description.abstractFrå byrjinga av 1900-talet og fram til 1986 vart barnevernstiltak retta mot taterborn som eit reiskap for å utviske taterkulturen, hovudsakleg i form av omsorgsovertaking og å skilje borna frå familie og romanimiljø. I denne studien har eg ynskja å belyse og utforske forteljingar frå nokre av dei som var ramma av denne politikken. Masteroppgåva tek utgangspunkt i følgjande forskingsspørsmål: Kva slags forteljingar har menneske med romanibakgrunn om å vekse opp under Norsk Misjon Blant Hjemløse/barnevernet i ei tidsepoke der assimilering var eit politisk mål ovanfor gruppa? Empirien baserer seg på åtte kvalitative intervju, der sju av informantane har vekse opp under omsorg av Misjonen/barnevernet, og ein har opplevd å bli fråteken søsken og eigne born. Dei aktuelle hendingane i studien utartar seg frå 1920-talet til 1980-talet. Eg nyttar narrativ analyse for å tilnærme meg empirien. Informantane i studien omtalar omsorgsovertakingane som kidnapping; dei vart henta utan forvarsel og utan moglegheit til å medverke. Forteljingane frå institusjonar handlar om streng disiplin, mykje fysisk avstraffing og mangelfull omsorg. Forteljingane om fosterheimar gjev eit tosidig bilete, nokre fortel om godt forhold til fosterforeldre, medan andre skildrar ”umenneskeleg behandling” også der. I møte med lokalbefolkinga dei stadane informantane vaks opp er óg historiene varierte, men møte med medelevar og lærarar teiknar eit bilete av ein kvardag med omfattande mobbing, utestenging og stigmatisering. Oppveksten under offentleg omsorg betydde for dei fleste informantane å miste kontakt med biologisk familie. Oppvekstforteljingane vert sett som avgjerande for store vanskar, og for eit ”øydelagd liv” som nokre seier. I narrativa vert tateridentiteten ei viktig tolkingsramme for å setje dei vanskelege erfaringane i ein samanheng, med bakgrunn i at dei var ei forfølgd folkegruppe. Ut i frå oppvekstnarrativa føreslår eg å sjå ”tater” som eit stigma og ein subjektposisjon. Saman vert dette analysereiskap som utforskar forteljingane og kva det kunne bety å vere kategorisert som tater. Det ser mellom anna ut til å medføre å bli tilskrive nokre negative eigenskapar (og subjektposisjonar), samstundes som det gjev store avgrensingar for oppveksten med utgangspunkt i den behandlinga dei får. Eg har vist korleis informantane forhandlar om eigen identitet i det dei ikkje godtek å bli sett som mindreverdige, men i staden posisjonerer seg som offer for ein undertrykkjande organisasjon.en_US
dc.description.abstractFrom the beginning of the 1900s until 1986, Child Protective Services (CPS) took action against romani children as a tool to try to eventually erode the romani culture, mainly in the form of obtaining custody of the children as a means to separate them from their families and the romani culture. In this study, I would like to shed light on and explore explanations from some of those affected by this policy. My Masters thesis is based on the following research question: What types of stories do people with romani background have growing up under the Norwegian Mission Among the Homeless/Child Protective Services in an era when assimilation was a political goal for the group? The empirical data is based on eight qualitative interviews, where seven of the subjects grew up under the care of the Mission/CPS, and one experienced being seperated from his siblings and own children. The actual events in the study took place from the 1920s to the 1980s. I use narrative analysis to approach the empiric. Informants in the study reviewed custody as kidnapping; they were taken without warning and without option to consent. Stories from institutions told of strict discipline, corporal punishment, and inadequate care. Stories from foster homes gave differing pictures - some telling of good relationships to foster parents, while others described “inhumane treatment.” The stories also vary when meeting the locals where the informants grew up, but in meeting with students and teachers, they draw a picture of an everyday with extensive bullying, exclusion and stigmatization. Growing up in the system meant that most of the subjects lost contact with their biological family. Childhood stories were seen as decisive for large difficulties, and for a “destroyed life,” as some would say. In the narratives, romani identity was an important framework for interpreting and putting the challenging experiences in a larger picture, with the background being that they were a persecuted people group. Based on the adolescent narratives, I suggest to show “tater”/”gypsy” as a stigma and a subject position. Together, these analytical tools explore the narratives and what it could mean to be categorized as a ”tater”/”gypsy”. It seems, among other things to be moving towards being ascribed negative traits (and subject positions), at the same time as it presents major constraints for the formative years based on the treatment they received. I have shown how the informants deals with their own identity, in that they do not agree to be seen as inferior, but instead positions themselves as victims of an oppressive organization.en_US
dc.language.isonoben_US
dc.publisherHøgskolen i Oslo og Akershusen_US
dc.subjectTateren_US
dc.subjectRomanien_US
dc.subjectBarnevernen_US
dc.subjectKulturell identiteten_US
dc.subjectEtnisk minoriteten_US
dc.subjectStigmatiseringen_US
dc.subjectVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Sosialt arbeid: 360en_US
dc.subjectVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Sosiologi: 220en_US
dc.title… fordi eg var tater - Ei narrativ analyse av taterar sine oppvekstforteljingaren_US
dc.typeMaster thesisen_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel