Punktpraksis - brobygging mellom teori - praksis
Original version
Søjbjerg, I. L. (2013). I: G. Bjørke, H. Jarning & O. Eikeland (Red.), Ny praksis - ny kunnskap: om utviklingsarbeid som sjanger. Oslo: ABM-mediaAbstract
Fleire av profesjonsutdanningane i høgskolesektoren har ein historie som fortel om overgang frå praktisk retta etats- eller intern praksisopplæring til teoretisk retta høgskolestudium. For slike utdanningar kan teorifokuset i høgskolerammene kome til å skygge for den praksislæring som har lege i tradisjonen. Problemet blir uttrykt som ein motsetnad mellom teori og praksis. I dette eksempelet frå vidareut danning i barnesykepleie blir utprøving av punktpraksis kombinert med eit studiekrav om forskingsbasert teoriforankring beskrive. Eksempelet viser ein måte å byggje bru mellom teorifokus og praksisfokus i ei utdanning.