Kjendisaktivisme - er det til gagn?
Journal article, Peer reviewed
Postprint version of published article

Åpne
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/10642/1906Utgivelsesdato
2013Metadata
Vis full innførselSamlinger
Originalversjon
Krøvel, R. (2013). Kjendisaktivisme - er det til gagn? Internasjonal Politikk, 71(4) https://doi.org/10.18261/ISSN1891-1757-2013-04-06Sammendrag
Fenomenet kjendisaktivisme
veks grenselaust intern
asjonalt, skriv Tsaliki,
Frangonikolopoulos og Huliaras i ein antologi om fenomenet (Tsaliki, Frango-
nikolopoulos & Huliaras 2011b: 29). Likevel, legg dei til, er lite gjort for å under-
søke årsaker til og verknader av kjen
disaktivisme i internasjonal politikk.
Det er ikkje få superstjerner som har engasjert seg i internasjonale
spørsmål dei siste åra. Til dømes har den amerikanske skodespelaren Mia
Farrow tatt del i kampanjar for å presse Ki
na til å gjere noko for å få slutt på
borgarkrigen i Darfur i Sudan, Roger «James Bond» Moore arbeider for å
bygge opp skular i Malawi, og skodespel
ar Danny Glover engasjerer seg for
å få større merksemd om dei alvorl
ege konsekvensane av hiv/aids globalt.
Det er vanleg å knyte framveksten av kjendisar av denne typen til utvik-
linga av teknologi, massemedium og
globaliseringa av filmbransjen. Kjen-
diskulturen slo for alvor gjennom med
veksten i avisbransjen og med tele-
grambyråa frå midten av 1800
-talet. Men kvifor speler det ei rolle kva kjen-
disar seier om internasjonale spørsmål?
Denne artikkelen tek for seg nokre ferske tilskot til debatten om kjen-
disaktivisme. Den vil syne korleis slik aktivisme har endra seg dei siste
åra, men også korleis ulike typar kjen
disar engasjerer seg ulike slag kon-
fliktar og spørsmål. Arti
kkelen byrjar med eit lite,
lokalt døme for å syne
nokre historiske røter.