Frå samaritt til fagarbeider: korleis har opplæringa til helsefagarbeidaren endra seg frå 1950 - 2012?
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/10642/1231Utgivelsesdato
2012Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
For å svare på problemstillinga har studiet som hovudsak retta seg imot utvalte kategoriar der eg valte å intervjue åtte damer ifrå ulike tiår Det var to samarittar, ei ifrå 1950 og ei frå 1960. Fem Hjelpepleiarar ifrå 1960 – 1995 og ei som tok helsearbeidarfaget etter KL06. Av praktisk/geografiske omsyn valde eg informantar frå ulike delar av Sogn og Fjordane fylke der eg bur. Det var interessant å spørje kvifor dei valde å utdanne seg innan helsevesenet, korleis utviklinga har vore ifrå samaritt til fagarbeidar. Utviklinga når det gjeld arbeidsoppgåver, korleis dei lærde arbeidsoppgåvene og teorien bak desse. Å høyre og skrive ned kva informantane har sagt om stoltheit over yrket sitt, og kva nokre meiner om dette yrket og statusen i dag og vegen vidare, var interessant å høyre kva dei meinte om, i forhold til omdømebygging. Det er bruk for mange fleire hender i helsesektoren får vi høyre både i valkamp og i media. På bakgrunn av dette er omdømebygging, og det at helsefagarbeidaren må sikrast ein høgare status, eit av utgangspunkta for å gjere denne undersøkinga.
Å være oppteken av at opplæringa skal være best muleg både for pasientar/brukarar er ei sjølvsagt sak som lærar i dette faget, men der ligg og ein grunn i mitt doble praksisfelt (hjelpepleiar og lærar) å løfte fram det arbeidet som har vore gjort og sett på som viktig i eit yrkespedagogisk lys
Beskrivelse
Master i yrkespedagogikk