Det aktuelle potensiale - Eit systemteoretisk blikk på risikokommunikasjon i barnevernet
Master thesis
Published version

View/ Open
Date
2022Metadata
Show full item recordCollections
- SAM - Master i Barnevern [108]
Abstract
Oppgåva handlar om kommunikasjon i det norske barnevernet. Konkret ser oppgåva på kommunikasjon om ungdommar som vert omtalt i risikotermar, i samaheng med saker der ungdom skal tvangsplasserast på behandlingsinstitusjon. Med utgangspunkt i at risiko er eit omgrep som vert nytta i vurderingar av ungdom si åtferd og omgivnadar, vert det spurt korleis ungdom som skal flyttast på tvang vert iakttatt av barnevernet, og kva funksjon risikokartleggingsverktøyet YLS/CMI har i samanheng med det.
For å svara på spørsmåla vert barnevernlova § 1-1, utvalde NOU-ar, dokument frå barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og utdrag frå kartleggingsverktøyet YLS/CMI analysert. Analysen vert grunna i ei tru om at barnevernet kan sjåast som eit lukka system av kommunikasjon, og at ein analyse av risikokommunikasjon kan gjera det mogleg å sjå korleis ungdom vert iakttatt av barnevernet som system. Datamaterialet er valt ut for å identifisera risikokommunikasjon, og på bakgrunn av korleis dei er kopla til avgjerdene som vert fatta av fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker. Eit utval av avgjerder frå ulike fylke i Noreg fatta i åra 2020 og 2021, vert drøfta i samanheng med datamaterialet som vert analysert.
I denne oppgåva er risikovurderingar sett som forsøk på å sikra barnevernet sine eigne avgjerder. Funna impliserer at avgjerder kan aksepterast som til det beste for barnet, ved at dei er kommunisert som det sikraste alternativet. I oppgåva vert det argumentert for at YLS/CMI har ein funksjon som kan redusera sakskompleksiteten nok til at det kan fattast avgjerder om ei usikker framtid.
Eit av funna viser korleis normative vurderingar vert verdsett i tal, med referanse til framtida. Funnet peikar på at systemet sin referanse til framtida verkar å tilsløra korleis verdiane vert skapa i sanntid, og at risikokommunikasjon gjer ungdom iakttakelege i form av risikostandardar for at system kan kategorisera dei i sanntid. Funna peikar på at beskrivingar om ungdom sin psykiske tilstand, åtferd og omgivnadar vert vurdert i lys av risikofaktorar, ved at eit bestemt utval av potensielle farar vert aktualiserte på bestemte måtar.