Omsorgsfull tvang
Abstract
Bakgrunn
Hensikt med denne oppgåva er å undersøke fenomenet tvangssonding, og å reflektere rundt kva måtar sjukepleiar kan bruke omsorga sin treeining frå Kari Martinsen for å betre gjennomføringa.
Problemstilling
«Kan tvangssonding av ein ungdom med anorexia nervosa bli gjort med omsorg?»
Metode
Oppgåva er eit litteraturstudie. Det har blitt gjennomført manuelle søk for å få oversikt og teori knytt til emnet og eit systematisk litteratursøk for å få forskingsartiklar som kan vere til hjelp for å svare på problemstillinga. Det systematiske søket enda på seks artiklar, tre kvalitative, ein kvantitativ, ein litteraturgjennomgang og ein utvikling av retningslinjer.
Resultat
Samla vis funna at sjølv om tvangssonding blir opplevd som ubehageleg, ser dei fleste på det som nødvendig. Det er nyttig med individuell tilpassing og god erfaring hos personalet. Ein veit for lite om effekten sonding har på utfall, særleg langsiktig.
Konklusjon
Gjennom nok øving på prosedyra, samtale med pasient for å gje tilstrekkeleg informasjon og for relasjonsbygging kan sjukepleiar få den moralske innsikta av pasientopplevinga om gjer det mogleg å tilpasse sondingane til den enkelte pasient. Dette gjer det mogleg å gjennomføre sondingane med omsorg.