Språklege formuleringar og perspektiv på kunst: Ein kritisk diskursanalyse av læreplanar i den vidaregåande skulen mellom 1976 og 2016 med utgangspunkt i programfaget Kunst og visuelle verkemiddel
Master thesis
Published version
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2762395Utgivelsesdato
2019Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
I denne avhandlinga undersøkast læreplanar for den vidaregåande skulen i perioden 1976-2016. Gjennom perioden har ulike idéar og strømningar påverka det kunstfaglege innhaldet i læreplanane i fagfeltet. Med kritisk realisme som vitenskapsteoreitsk ståstad og kritisk diskursanalyse som analyseverktøy forsøker denne avhandlinga å besvare problemstillinga:
– Kva språklege formuleringar og perspektiv på kunst kan ein finna i programfaget Kunst og visuelle verkemiddel på utdanningsprogramet for Kunst, design og arkitektur?
– Kva ulike faghistoriske strømningar og idéar kan ha påvirka kunstfaginnhaldet ?
Det er den nyaste læreplanen for Kunst, Design og Arkitektur (KDA), og programfaget Kunst og visuelle verkemiddel som er utgangspunktet for diskursanalysen, men det vert trekt linjer tilbake til dei tidlegare læreplanane i fagfeltet. Dette vert gjort for å sjå om feltet har endra seg, og for å få ei oversikt over kva det har vore ei tradisjon for i den videregående skulen. Resultat frå analysen viser at fleire av emnene og perspektiva som preger Kunst og visuelle verkemiddel har tradisjoner frå tidlegare planer, men at det òg kjem inn nye perspektiv.
Forskning frå fagfeltet viser at dei kunstpedagogiske retningene: karismatisk holdning og formalestetisk oppdragelse, har satt preg på kunstundervisninga i grunnskulen. Analysen i denne avhandlinga viser at det har vore ein tradisjon for vektlegging av det formalestetiske, og ein finn spor frå Bauhaus i programfaget. Denne vektlegginga har prega det kunstfaglege innhaldet gjennom alle læreplanane. Det gjeld òg vektlegginga av kontekst og samfunnssamanheng i kunst og kunsthistorie. Ønsket om å gjøre elevane til gode framtidige samfunnsborgarar er òg tilstade i alle læreplanene, men vektlegginga ser ut til å ha vorte større på KDA. Eit nytt perspektiv som kjem til syne på KDA er at elevanes arbeid og prosess fleire steder vert omtalt som kunstnarleg arbeid og kunstnarleg prosess. I analysen kjem det òg fram at elevane gjennom opplæringa i Kunst og visuelle verkemiddel skal uttrykke seg sjølve gjennom å lære å utvikle eigne idéar, skape eigne uttrykk og lage eigne arbeid. Vektlegginga blir i avhandlinga drøfta opp mot betegnelsen det personlige utrykket som den karismatiske haldninga bær med seg.
Gjennom eige praktisk arbeid har eg reflektert over læreplanane gjennom broderi, ved at eg har prøvd å skape broderi ut ifrå elementer frå læreplanane til Studierettning for formgivingsfag i Reform 94 og husflidlinja