Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorBorchgrevink Johansen, Nicolay
dc.contributor.authorWeiberg-Aurdal, Erika
dc.date.accessioned2019-05-09T06:14:36Z
dc.date.available2019-05-09T06:14:36Z
dc.date.issued2018
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/10642/7021
dc.descriptionMaster i sosialfagen
dc.description.abstractKva rammeverk og lovverk må barnevernet ta omsyn til i oppfølginga av fosterfamiliar, og korleis opplever fosterforeldra oppfølginga frå barnevernet? Desse spørsmåla er utgangspunktet for tema i denne oppgåva. Problemstillinga eg har jobba ut frå er: ”Korleis skildrar eit utval fostermødrer kontakta med og oppfølginga frå barnevernet?”. Forskingsmaterialet i studien er basert på semistrukturerte livsverdsintervju av seks fostermødrer. Oppgåva gjer greie for kva rammeverk og lovverk som gjeld for barnevernets arbeid med fosterfamiliar, og kva desse seier om korleis oppfølginga skal vere, samt kva tidlegare forsking har funne. Gjennom analysen av intervjumaterialet har det kome fram at det er stor variasjon i korleis informantane opplever oppfølginga frå barnevernet. Funna peikar på at barnevernets oppfølging av fostermødrene i studien, er svært personavhengig. Dette gjeld både kompetansen dei har til å kunne veilede fostermødrene, og kor tett oppfølging fostermødrene får. Dei seks fostermødrene sine opplevingar varierer frå dei som er svært fornøgde og ikkje har noko særleg å setje fingeren på, til ei av fostermødrene som tidlegare måtte seie opp eit oppdrag som følgje av for dårleg oppfølging frå barnevernet. Dei fleste informantane har hatt hyppig skifte av saksbehandlarar, og har opplevd store forskjellar mellom dei ulike dei har vore i kontakt med. Alle fostermødrene har tilsynsførar på plass for fosterbarna, men berre to av seks fortel at dei har fått alle fire av dei lovfesta kontrollane som barnevernet er plikta å gjennomføre. Informantane skildrar mykje av det same i kva som blir opplevd som god oppfølging frå barnevernet. Funna mine viser at dei seks fostermødrene ønskjer at barnevernet skal vise interesse og gjerne ta kontakt med dei for å spørje korleis det går. Dei ser på tilbod om kurs som positivt, og opplever å ha hatt nytte av kursa dei har delteke på. I kontakta med barnevernet skildrast det som viktig at dei føler seg anerkjent og at det blir lytta til kva dei har å seie. Det å ha nokon å lufte tankar med blir skildra som nyttig. Dei ønskjer også å kunne ringje og få kontakt i situasjonar dei synest er vanskelege å takle. I oppgåva diskuterer eg moglege manglar i barnevernsutdanninga som kan vere årsaken til den personavhengige oppfølginga. Funna mine utgjer berre mitt utval, som er 6 fostermødrer, og er såleis for lite til å generalisere. Likevel er det faktum at tidlegare undersøkingar viser til noko av det same, ein indikator på at det må gjerast endringar for å sikre ein mindre tilfeldig praksis blant barneverstilsette.en
dc.description.abstractWhich laws do child protective services consider when following up on foster parents, and how does foster parents experience the follow-up from child protective services? This question is the base of this study, with the topic: How does a selection of foster care moms describe the contact with and follow-up from child protective services? The results of this study are based on semi-structured interviews with six foster care moms. The study defines the laws and framework of child protective services that applies to the interaction with and follow up of foster care families, as well as results from earlier studies. Analysis of the interviews shows that informants have varying experiences in the follow-up from child protective services. Results indicate that the follow-up of foster care moms largely depends on the case worker; both in their expertise and frequency of supervision. The experiences vary from satisfied foster care moms, to one that left an assignment due to poor supervision. Most informants had frequent changes in case workers and reported large differences between these. All foster care moms have assigned supervisors, but only two out of six were part of the statutory controls that child protective services are obliged to undertake. The informants share similar opinions on what constitutes good supervision. My results show that the six foster care moms would like more frequent contact with child protective services with inquiries about their situation. Invitations to participate in courses and classes are considered positive amongst the informants, and they report that they benefit from such events. In contact with child protective services, the informants report that it is very important that they feel acknowledged and heard. Having someone to talk to and call for consultation in difficult situations is described by the foster care moms as desirable. In this study, the insufficiencies within child welfare education responsible for the employee-dependent supervision is discussed. My results are based only on six interviews and are therefore not sufficient for general conclusions. However, the fact that earlier studies have shown similar findings can indicate that the child protective services need systematic changes to avoid employee-dependent supervision.en
dc.language.isonnen
dc.publisherOsloMet - storbyuniversiteteten
dc.subjectOppfølgingen
dc.subjectfosterforeldreen
dc.subjectBarnevernen
dc.subjectVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Sosialt arbeid: 360en
dc.titleEr barnevernets oppfølging av fosterforeldre personavhengig? Om korleis fosterforeldre opplever oppfølginga frå barneverneten
dc.typeMaster thesisen
dc.description.versionpublishedVersionen


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel