Vold mot barn og unge i nære relasjonar: Forståing, konseptualisering og sosialfaglege perspektiv
Doctoral thesis, Peer reviewed
Published version
View/ Open
Date
2017Metadata
Show full item recordCollections
Abstract
Denne PhD-studien rettar fokuset mot barn og unge som har opplevd vold i nære relasjonar.
Gjennom forteljingane til voldsutsette ungdommar og unge vaksne, samt profesjonsutøvarar,
undersøkjer eg korleis forståingar og fortolkingar av vold er innleira i den gjeldande sosiale
og kulturelle konteksten. Den overordna problemstillinga er: Korleis kan me forstå og
konseptualisere vold mot barn og unge i nære relasjonar på måtar som medverkar til
kunnskapsutvikling i sosialt arbeid?
Avhandlinga er teoretisk forankra i sosialt arbeid, og rettar frå ulike nivå fokus på den
gjensidig avhengige relasjonen mellom individ og kontekst. Meir presist belyser analysane
ulike sider ved den grunnleggjande analyseeininga i sosialt arbeid, nemleg ‘personen-isituasjonen’.
Dette blir gjort ved å ta i bruk ei narrativ tilnærming og eit
interseksjonalitetsperspektiv, som kvar for seg spesifiserer ulike sider ved og nivå i personeni-
situasjonen. Studien har eit kvalitativt design, der empirien består av intervju med
voldsutsette ungdommar og unge vaksne, samt intervju med profesjonsutøvar i ulike delar av
hjelpeapparatet (fortrinnsvis barnevernet).
Vidare er avhandlinga bygd opp av tre artiklar. Den første artikkelen analyserer ungdom og
unge vaksne si meiningsskaping med voldserfaringar som barn og ungdommar, viser korleis
dei unge forklarar og definerer volden – og kva dei gjer i møte med den. Her er den narrative
inngangen nytta for å undersøkje korleis subjektiv meiningsskaping skjer i tett samspel med
forståingar og definisjonar av vold på kulturelt nivå. I den andre artikkelen blir
profesjonsutøvarar i barnevernet sine perspektiv utforska. Her blir fortolking og definering av
voldssaker utforska ved å ta i bruk det interseksjonelle perspektivet. Dei sosiale kategoriane
‘klasse’ og ‘etnisitet’ gjer seg på ulike måtar gjeldande i desse defineringsprosessane, og
analysane syner korleis saksbehandlarane sin sosiale, strukturelle, så vel som kulturelle,
posisjon får betyding for kategorisering av voldssaker.
Den tredje artikkelen ser nærmare på kva unge sjølve seier om å motta hjelp, og kva
saksbehandlarar i barnevernstenesta seier dei gjer i møte med voldssaker. Her blir det
sosialfaglege perspektivet personen-i-situasjonen eksplisitt teke i bruk for å utforske og drøfte
korleis ulike tilnærmingar kan romme kompleksitet og individ-kontekst-dynamikkar i kvar
enkelt sak. Analysane legg grunnlag for å diskutere moglege utfordringar ved å standardisere
barnevernsundersøkingar, og kva kunnskap og kompetanse sosialarbeidarar treng for å kunne
ha eit godt beslutningsgrunnlag. Artikkelen aktualiserer ein debatt om sosialfagleg praksis i
møte med voldsutsette barn, unge og familiar.
Samla sett belyser avhandlinga korleis forståing og definering av vold mot barn og unge er
sosialt innleira når det gjeld både subjektiv meiningsskaping, konseptualisering og
profesjonelle tilnærmingar. Analysane medverkar til å å utvide det sosialfaglege
kunnskapsgrunnlaget om vold mot barn og unge, samtidig som dei bidreg til ei spesifisering
av sosialfagleg teori. Til sist legg avhandlinga grunnlag for vidare forsking og
kunnskapsutvikling, og kan bidra til refleksjon og diskusjon kring sosialfagleg praksis. This PhD study focuses on children and young people who have experienced child abuse and
maltreatment. Through young people’s and social work professionals’ stories about their
experiences, I investigate how understanding and interpretations of abuse and maltreatment
are embedded in the current social and cultural context. The overall research question is: How
can we understand and conceptualize child abuse and maltreatment in ways that contribute to
development of the social work knowledge base?
The theoretical foundation of the thesis is social work perspectives, which focus on the
mutually dependent relationship between individual and context. More specifically, the
analyses illuminate the different aspects of the analytical unit in social work, namely 'personin-
situation'. By using a narrative approach and an intersectionality perspective, the different
aspects and levels of person-in-situation is highlighted. The study has a qualitative design, and
the empirical data build on interviews with young people and young adults who have
experienced child maltreatment, as well as interviews with professional practitioners in child
welfare and child protection services.
The dissertation is composed of three articles. The first article analyses young people and
young adults’ meaning making of their childhood experiences of abuse, showing how young
people interpret and define the abuse - and how they deal with it. Here, the narrative approach
is useful for examining how their meaning making is closely linked to understanding and
definitions of violence at the cultural level. In the second article, I explore professional child
welfare practitioners’ perspectives. By applying the intersectional perspective, I analyse
interpretation and definition of cases of abuse and maltreatment. The social categories of
'class' and 'ethnicity' intersect in different ways in the professional definition processes, and
the analysis shows how the structural and social position of the social workers interferes with
the categorization of the cases.
The third article deals with what the young people say about receiving help, and what the
child welfare professionals say they do in maltreatment cases. The concept of person-insituation
is explicitly applied to explore and discuss how the different approaches may
accommodate complexity and individual-context dynamics in abuse and maltreatment cases.
This analysis provide an outset for discussing possible challenges by standardizing child
welfare investigation, and which knowledge and competence practitioners need to have a
solid base for decision-making. The article raises a debate on social work approaches in
helping children, young people and families dealing with abuse.
Seen as a whole, the PhD-study illuminates how understanding and conceptualization of child
abuse and maltreatment is contextually embedded in terms of meaning making and definition
processes. The analyses contribute to expand the social work knowledge base regarding child
abuse and maltreatment, as well as it specifies the concept of person-in-situation. Finally, the
dissertation lays the foundation for further research and knowledge development, and may
contribute to discussion and reflections in social work practice. It may as well be useful to
anyone who face children and young people who have experienced abuse and maltreatment.