”Å ha et barn sammen” : Ein studie av fosterforeldre sine forhandlingar med barneverntenesten.
Abstract
Denne studien handlar om kontakta mellom fosterforeldre og barnevernteneste. Bakgrunnen
for temaet er at denne kontakta kan ha betyding for kvaliteten på fosterheimstiltaka og
innverknad på fosterbarna sine oppvekstvilkår. Ved å ta utgangspunkt i fosterforeldra sine
opplevingar, kan forståinga av kontaktforholdet utvidast. Dermed kan også
handlingsrepertoaret til aktørane i verksemda utvidast.
Problemstillinga er som følgjer: Korleis forstår fosterforeldra kontakta dei har med
barneverntenesten? For å belyse problemstillinga, har eg intervjua ti fosterforeldre frå åtte
fosterfamiliar om deira erfaringar frå kontakt med barneverntenesten. Datamaterialet vert
konstruert og analysert etter kvalitativ metode med særleg vekt på omgrepa posisjonering og
forhandling. Forhandling vert lagt som ein premiss for studien og er eit overordna analytisk
perspektiv.
Studien viser ein stor variasjon i fosterforeldra sine opplevingar av samhandling med
barneverntenesten. Studien viser også rørslene i denne samhandlinga ved at endringar i
konteksten medfører endringar i posisjonar og at fosterforeldre også er med på å skape seg
posisjonar. Ulike posisjonar medfører ulike forhandlingsmåtar. Forhandlingane viser til at
betydningar ikkje er fastlagde, men i stadig forandring. Fosterforeldra forhandlar både med
seg sjølv og barnevernarbeidarane om korleis dei skal forstå hendingar.
Kompetanse og veiledning er to sentrale områder i kontakta mellom fosterforeldre og
barnevernteneste som eg har sett nærmare på. Studien viser at fosterforeldra ser det som viktig
at barnevernarbeidaren kjenner barnet og/eller fosterfamilien, og at denne kjennskapen vert
sett på som det viktigaste grunnlaget for kompetanse hos barnevernarbeidarane. Studien viser
også at fosterforeldra opplever seg som likestilte med barnevernarbeidarane når det gjeld
kompetanse på barna. Dei ser på barnevernarbeidarane som kompetente når dei anerkjenner
fosterforeldra sin posisjon som den som kjenner barnet best og går i dialog med dei om barnet
sitt beste, forutan å utføre dei formelle oppgåvene. Fosterforeldra forventar ikkje
nødvendigvis at barnevernarbeidarane skal ha ekspertkunnskap om barn, men må sørgje for å
opprette kontakt med andre instansar når barnet viser spesiell åtferd.
6
Fosterforeldra i denne studien oppfattar i utgangspunktet veiledning som råd om korleis dei
skal forholde seg i konkrete situasjonar dei står oppe i med barna. Undervegs i intervjua med
fosterforeldra reflekterar dei over veiledningsomgrepet, og forståinga av omgrepet forandrar
seg til å omfatte meir enn konkrete råd. Studien viser at veiledning handlar om å reflektere
over situasjonar og erfaringar med ein annan person som er i stand til å ta deira perspektiv. This research study covers the contact and relationship between foster parents and child
welfare services. The reason I chose this subject is that this relationship could influence both
the quality level of the decisions made to help the foster parents and also the quality of the
living conditions of the foster children. By focusing on foster parents’ point of view, the
understanding of this two sided relationship could expand and the ways of action increase.
The topic sentence is: How do foster parents interpret the relationship they have with the
child welfare service? I have interviewed ten different foster parents from eight different
families regarding their experience with child welfare services. The research material has
been constructed and analyzed using a qualitative method with emphasizes on the concepts
positioning and negotiations. Negotiation was a premise for the research project and is an
overall analytical perspective.
The study shows that there is a variation in foster parents experiences of cooperation with the
child welfare services. Furthermore, the study shows the dynamic factor in this cooperation by
positions that change with contextual change. Additionally, the study shows that also the
foster parents plays a role in achieving their positions in the relationship. Different positions
leads to different forms of negotiation. These negotiations indicate the fact that interpretations
are not static, but in continuous change. The foster parents negotiate both with themselves and
the child welfare employees regarding how to interpret and understand incidents that happens.
I have also taken a closer look at the two terms competency and supervising in my study.
They are two crucial areas in the relationship and cooperation between foster parents and
child welfare. My research shows that foster parents see it as important that the child welfare
employee has knowledge about the child under custody and/or the foster family where the
child is under custody. According to the foster parents interviewed, this knowledge is
considered the most important in the employee’s competency level. Foster parents see
themselves as equally knowledgeable about the children as a child welfare official.
Furthermore, the study shows that foster parents consider child welfare employees as
competent in situations where the employees acknowledge foster parents as the ones who
know the foster child the best and communicate with the foster parents about what the child
8
needs, in addition to doing their official tasks. Foster parents don’t necessary expect that the
officials should be subject matter experts about children in general, but instead take necessary
steps to get in touch with other services when and if the child shows sign of abnormal
behavior.
The foster parents in this study initially understand supervising as advice of how to behave in
specific situations with the child. However, during the interviews I experienced that the foster
parents began to reflect more about the content of the term itself, and that their interpretation
of supervising was readjusted to a deeper understanding of the term. The study shows that
supervising is about being able to reflect on situations and experiences with another person
who is able to see things from the foster parents’ perspective.
Description
Master i sosialt arbeid